Betre arbeidsflyt og mindre stress: Nytt verktøy for å rydde i ventelistene er klart
I fellesskap har sjukehusa i Helse Vest jobba fram ein rettleiar, som viser korleis avdelingane kan sikre betre kvalitet i ventelistene. No er dette verktøyet klart.
– Vi har jobba ettermiddag og kveld for å få bort doble tilvisingar og langtidsventande. Å rydde og få kontroll på ventelistene har gitt ein enorm gevinst for gastrologisk poliklinikk, seier Ann Iren Snarheim, som er kodekontrollar ved Klinikk for medisin Haugesund og Odda.
Dei er eit godt døme på nokon som gjort ein solid jobb med ventelistene over tid.
– Då vi fekk betre kontroll på ventelistene, såg vi at medarbeidarane opplevde mindre stress og fekk ein meir føreseieleg arbeidskvardag. Arbeidet har gitt oss ein betre strukturert arbeidsflyt. I tillegg sikrar vi ei effektiv og rettferdig prioritering av pasientane. Og forhåpentleg blir også ventetida kortare for pasientane.
Rettleiaren etterspurd frå sjukehusa
Ventetidsløftet er regjeringa si satsing for å få ned ventetidene til sjukehusa. I november vart Helse Fonna trekt fram av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre som eit døme på nokon som jobbar ekstra godt med dette. Og det er fleire avdelingar i sjukehusa i vest som no gjer ein god innsats for å få ned ventetidene.
Gjennom et regionalt samarbeid om ventetider denne hausten, kom det fram eit behov; Det trongst ei felles regional ventelisterettleier, for å vise korleis avdelingane kan sikre betre kvalitet og rydde i ventelistene sine.
– Ein slik felles rettleiar har vore etterspurd frå sjukehusa. Det har vore ulike lokale rutinar for korleis sekretærane skal følgje opp ventelistene. Vi såg eit behov for å kvalitetssikre oppfølginga av ventelistene, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, og fortset:
– God kvalitet i ventelistene er viktige for å sikre at pasientane får den behandlinga dei treng, men rette tal i ventelistene er også viktige for at dei kliniske einingane, og sjukehusa kan rette merksemda mot der nytten er størst.
Kjem pasientar og medarbeidarar til gode
Rettleiaren vart laga med deltakarar frå EPJ-fagsentra og sekretærar frå ulike sjukehus i vest. Resultatet er ein rettleiar som gir råd om korleis einingane kan halde oversikt, rydde og ha god kvalitet i ventelistene både dagleg og kvar veke.
I journalsystemet DIPS Arena er det mange tilgjengelege rapportar og lister som ein kan bruke til å følgje opp ventelister.
– Målet med rettleiaren var difor å identifisere eit mindre utval det er viktig å kjenne til, for å følge opp ventelister kontinuerleg. Resultatet blei difor fire rapportar og fire lister, seier seksjonsleder for kliniske IKT-løysingar i Helse Bergen, Anne Kristin Paulsen, som leia gruppa.
– Viss avdelingane er merksame på kvaliteten i ventelistene sine, kjem det både pasientar og medarbeidarar til gode. Det er slitsamt for medarbeidarar å ikkje ha kontroll. Ein slik felles, regional rettleiar kan hjelpe i denne situasjonen, avsluttar Vikse.
Les meir
- Siste status på korleis vi jobber med ventetidene i Helse Vest finn du i styredokumenta til styremøtet 20. november.
- Vi har samla informasjon om kva ventetider og fristbrot er på ei eiga side.
- Les nyheitssaka om ventetidsjobben som er gjort i haust.