Enklare deling når det trengst som mest – Sjukehusjournalen din blir tilgjengeleg i kjernejournal
Helsepersonell over heile landet kan no få raskare tilgang til sjukehusjournalen din når dei treng det. Målet er å kunne gi deg sikrare og betre helsehjelp, uavhengig av kvar behandlaren sit.
Når du er til behandling på sjukehuset, blir helseopplysningane dine registrert i journalsystemet på sjukehuset. Fram til no har ikkje desse opplysningane vore tilgjengelege for helsepersonell utanfor sjukehuset ditt, med unntak av fastlegar.
Denne informasjonsdelinga blir no heldigvis mykje enklare. Der behandlarar tidlegare har måtta bruke verdifull tid på å få tak i dokument frå andre sjukehus, kan dei no hente informasjonen dei treng direkte frå kjernejournalen din.
– For behandlarar er dette nyttig da behandlarar ved legevakt og ved andre sjukehus utanfor Helse Vest ofte vil ha behov for denne informasjonen for å behandle pasientar. Vi trur mellom anna at det å ta omsyn til tidlegare behandling og vurderingar gir meir målretta behandling, og at dette også kan bidra til å redusere unødvendige tilvisingar og innleggingar, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest.
For helsepersonellet som trenger denne informasjonen for å gi helsehjelp, så sparer det også svært mye tid for innhenting av denne informasjonen, meiner Vikse.
Kven får tilgang?
Det er berre autorisert helsepersonell som får tilgang til journaldokumenta dine frå sjukehuset, og dei har berre lov til å slå opp i journalen når det er nødvendig for å yte helsehjelp. I første omgang er det samandrag av behandling, resultat av biletundersøkingar og tilvisingar som vil vere tilgjengeleg i kjernejournalen. Det er strenge reglar for tilgangsstyring, og alt blir loggført. Du kan sjølv sjekke kven som har lese journaldokumenta dine på Helsenorge.no.
Du kan sjølv avgrense deling viss du ønskjer
Du har sjølv rett til å bestemme kven som skal ha tilgang til helseopplysningane dine. Viss det er noko i historikken din du ikkje vil skal kunne lesast av andre behandlarar, må du aktivt avgrense delinga.
- På Helsenorge kan du avgrense kven som får tilgang til dokumenta i kjernejournalen din.
- Dersom du ikkje har brukarprofil på Helsenorge, kan du kontakte rettleiingstenesta på telefon 23 32 70 00 for å få hjelp.
Om kjernejournal
Alle innbyggjarar i Noreg har sin eigen kjernejournal, med mindre dei har reservert seg mot dette. Denne er eit tillegg til journalane ein har på sjukehus, hos fastlegar og ved andre behandlingsstader. Helsepersonell har tilgang til kjernejournalen til pasienten via dei vanlege journalsystema sine. Dei har berre lov til å slå opp i journalen når det er nødvendig for å yte helsehjelp.