Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Felles lab-system gir mange fordelar

Det har vore ei lang reise, men no bruker alle sjukehusa i Helse Vest det same lab-systemet. Det gir store gevinstar, både for helsepersonell og pasientar.

Publisert 04.03.2024

– No er det mogleg å bestille prøver på tvers av sjukehusa i Helse Vest-regionen. Det betyr at pasientane kan ta prøvar kvar som helst ved eitt av sjukehusa våre, uavhengig av kvar prøva er rekvirert og kor oppfølginga skal skje. Og pasientane slepp å ta med papir eller etiketter slik dei måtte tidlegare, seier Tone Bjerregård, prosjektleiar for innføring av felles laboratorieløysing i Helse Vest.  

Denne veka gjekk også Helse Fonna over til lab-systemet Unilab, noko som betyr at no bruker alle sjukehusa på Vestlandet det same systemet.

– Dette er ein milepæl etter mange års arbeid, seier Bjerregård. 

Det heile starta i 2009 då mikrobiologisk avdeling ved laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus byrja å bruke Unilab. Dei andre laboratoria ved sjukehuset følgde etter, og deretter har sjukehusa i Førde, Nordfjordeid, Lærdal, Stavanger, samt Betanien og Haraldsplass gått over til same system. Og no blir det også brukt i Haugesund, Odda og Stord.

En kvinne i labfrakk
Tone Bjerregård er prosjektleiar for innføring av felles laboratorieløysing i Helse Vest. Arbeidet starta i 2009, og denne veka gjekk siste helseføretak over til det regionale lab-systemet. Det tener både helsepersonell og pasientar på. (Foto: Helse Fonna HF)  

Berre éi registrering 

Når alle sjukehusa i regionen bruker det same lab-systemet, held det å registrere ei prøve éin gong. Det gjeld frå prøva blir bestilt og til ho blir teken og analysert. Skal prøva sendast til eit anna laboratorium i regionen for analyse, treng ho heller ikkje registrerast på nytt. Prøva har den same koden og namnet heile vegen. Det gjer arbeidsdagen til helsepersonell ein del enklare.

– Og når det blir handtert over 30 millionar analysar i regionen kvart år, har denne overgangen til enkeltregistrering stor betydning, seier Bjerregård.  

Når ei prøve berre blir registrert éin gong, minskar dessutan sjansen for feilregistreringar.

Andre fordeler med å ha eitt felles system:

  • Det gir ei god oversikt over bestilling av prøver, prøvetaking og resultat – på tvers av regionen.
  • Det bidreg til at vi etter kvart kan få prøvesvar på Helsenorge.no (Pasientens prøvesvar er eit igangverande prosjekt).
  • Ein får eit sterkare lab-samarbeid i regionen.
  • Det er enklare å forvalte IT-løysinga når alle bruker det same systemet.

Å effektivisere og forbetre arbeidet på sjukehusa med digitale løysingar, er eit satsingsområde for Helse Vest.

En person i grønn jakke på en lab

Laboratoriesystemet blir brukt innan medisinsk biokjemi og farmakologi, medisinsk genetikk, mikrobiologi, immunologi og patologi.) Her er tilsette i sving på mikrobiologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. (Foto: Helse Vest IKT)