Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest lyser ut innovasjonsmidlar

Helse Vest RHF lyser ut totalt 18 millionar kroner til nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar for 2025 og 2026. Vi gjentar suksessen med å lyse ut midlar i samarbeid med Kreftforeningen.

Publisert 31.10.2024

Utlysinga opnar for eit bredt spekter av innovasjonsprosjekt. Du kan søkje støtte til nye innovasjonsprosjekt eller idéoverføring, midlar til å adoptere eller teste ut innovative løysingar som eit anna sjukehus/helseføretak allereie har tatt i bruk i, eller utanfor, Noreg.

Søknadsfrist er 29. januar kl. 13:00. 

Prioriterte satsingsområde

Helse Vest vil prioritere søknadar som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av betre organisering, ressursbruk og/eller reduserer behovet for vekst i helsepersonell, og som har potensial for regional eller nasjonal skalering.

Prioriterte satsingsområde (gjeld ikkje for innovasjonar med eit kommersielt potensial):  

  • Pasientar og pårørande si helsekompetanse og medverknad
  • Berekraftig utvikling
    • nye arbeidsformer og betre oppgåvedeling både i spesialisthelsetenesta, og på tvers av nivåa i helsetenesta, gjerne i samarbeid med primærhelsetenesta.
    • ny og betre bruk av teknologi som bidreg til personellsparande løysingar.
  • Redusere overdiagnostisering og overbehandling (uønskt variasjon)

Samarbeid med Kreftforeningen

I samarbeid med Kreftforeningen er det planlagt å sette av øyremerka midlar, inntil 5 millionar kroner, til både nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar innan kreft.

Dei prioriterte satsingsområda er også aktuelle tema for søknadar til dei øyremerka innovasjonsmidlane til kreft.

Les meir om utlysinga av regionale innovasjonsmidlar for 2025.