Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

I felt for krisesituasjonar

Helse Vest sende eit kirurgisk team til Nato-øvinga Nordic Response. Mål: Øve på å hjelpe kvarandre på tvers av helseregionar.

Publisert 25.03.2024
En gruppe mennesker i sikkerhetsvester i et rom

Foto: Maren Moi-Vist

Tusenvis av norske og allierte soldatar trena på å forsvare Norden i Nato-øvinga Nordic Response i mars. Helse Vest var også med på denne øvinga, der vi sende opp eit såkalla framskote kirurgisk team til Klinikk Alta. 

Evne til å handtera masseskadar er eitt av Natos sju grunnleggjande forventningar til ein nasjons motstandsevne, noko som utgjer eit viktig poeng for å trene på dette.

En gruppe mennesker iført sikkerhetsvester

Foto: Maren Moi-Vist

Bilete frå øvinga.

Totalt ni personar, beståande av kirurgar, anestesilegar, anestesisjukepleiarar og operasjonssjukepleiar reiste nordover for å forsterka lokal helseteneste med livreddande kirurgi, og for å kunna førebu pasientane for vidare transport sørover.  

 – Ingen sjukehus klarer å stå åleine i krig eller store kriser. Det vil vera behov for å evakuera skadde til sjukehus i andre helseregionar, eller sende helsepersonell og kirurgiske kapasitetar til dit krisa er, seier beredskapsrådgivar Maren Moi-Vist i Helse Vest RHF. 

Utgjere ein ressurs

Det er ikkje problemfritt å sende folk til ein annan arbeidsstad enn dei er vande med, derfor er det viktig å trene på dette. Dei er ikkje kjende med lokale forhold, som behandlingsfasilitetar og utstyr, og dei treng ulike tilgangar for at dei skal kunne utgjere ein ressurs og vere bidragsytar.

– Men dette gjeld ikkje berre for krig. Det å kunne sende team på denne måten kan brukast i heile krisespekteret, understrekar Moi-Vist. 

Scenario under øvinga var ein eksplosjon av ammunisjonslager, og trefningar ved fronten som medførte ein masseskadesituasjon. Forsvarets feltsjukehus vart raskt overfylt og kritisk skadde pasientar vart evakuert til Klinikk Alta. Etter kirurgisk behandling og stabilisering blei fleire pasientar evakuerte vidare til sjukehus sørover i landet.

Et militært kjøretøy parkert utenfor en bygning

Foto: Maren Moi-Vist

Bilete frå øvinga.

Vellykka øving 

Helsevesenet er også Forsvarets helsevesen, og i krig må mange skadde soldatar evakuerast til sivile sjukehus for å få behandling.   
 
– Eg er veldig imponert over kor bra øvinga gjekk. Vi tek med oss verdifulle erfaringar og læringspunkt frå øvinga, spesielt relaterte til samvirke mellom militære og sivile helseressursar, og samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta, seier Moi-Vist.

Torunn Oveland Apelseth som er leiar for Norsk Koordineringssenter for blodberedskap ved Blodbanken på Haukeland universitetssjukehus, var også i Alta for å teste ut den lokale ordninga med «vandrande blodbankar».  

Her kan blodgivarar kallast inn for å bli tappa slik at ein raskt kan ha blod tilgjengeleg. Dette vil vere svært nyttig ved ulike beredskapssituasjonar der det er stort behov for blod.

Det var eit mål å få spesialisthelsetenesta til å fungere som éi teneste i ein krisesituasjon, ikkje fire ulike regionar.

– Vi må hjelpe kvarandre og bruke ressursar på tvers, seier beredskapsleiar Thomas Dag Iversen i Helse Vest RHF.  

Ville øve realistisk  

Personellet som reiste ut, er erfarne i felt og ønskte å øve så realistisk som mogleg. Dei sov i sovepose på feltseng i sjukehusets kjellar, og åt tørrmat.

Éin av desse er Guttorm Brattebø, seksjonsoverlege ved Haukeland universitetssjukehus og ansvarleg for det regionale helseteamet i Helse Vest. Han syntest det var både interessant og lærerikt å delta.   

– Det er alltid flott å oppleve korleis det er mogleg å handtere krevjande situasjonar når folk er innstilte på å løyse ei oppgåve saman. Eg trur vi skulle klart å yte god hjelp i denne masseskadesituasjonen dersom det hadde vore verkeleg og ikkje berre ei øving, seier Brattebø.