Jordmødrer til topps med teknologi
Jordmorstudentane i Bergen studerer gjennom VR-briller, podkastar og videoforelesingar. Dette effektiviserer studietida og gjer studentane betre rusta for arbeid i sjukehus. Torsdag kveld blei arbeidet heidra med gjev pris.
På masterstudiet i jordmorfag på Høgskulen på Vestlandet, har dei teke nokre gode steg bort frå tradisjonell undervisning i klasserom. Her er kvardagen studentaktiv, noko som betyr at studentane ikkje er passive mottakarar av informasjon, dei må sjølv ta ansvar for eiga læring.
Torsdag fekk masterstudiet Helse Vest sin utdanningspris for dette arbeidet.
– Eitt av grepa vi har teke er bruk av VR-briller. Tilbakemeldingane vi får frå studentane er at dette må vi ikkje slutte med, seier førstelektor Katrine Aasekjær.
I grunngivinga frå priskomiteen heiter det mellom anna at arbeidet som blir gjort på masterstudiet har stor samfunnsverdi ved å effektivisere utdanninga av jordmødrer, og bidra til auka rekruttering i regionen.
Anatomisk atlas
Når studentane tek på seg VR-brillene, går dei inn i kvinnekroppen og har framfor seg heile fødselskanalen.
– Nesten som eit anatomisk atlas. Her ser dei musklar, skjelett, blodårar, nervar og ligament, og alle organstrukturane. Dei kan ta perspektivet til fosteret, og sjå fødselskanalen frå alle vinklar, forklarer Aasekjær.
Studentane oppdagar mykje nytt i VR. Det bidreg til at dei forstår korleis barnet roterer og flyttar på seg, og korleis hovudet stiller seg inn i forhold til knoklar og muskulatur hos kvinna for å klare å passere.
– Dei forstår kva tiltak dei må setje i verk for å få barnet vidare, kan studere kor kvinna får smerter og kvifor det skjer, og kva stilling ho kan ta for å lindre eller betre. Det er mange aha-opplevingar, forklarer Aasekjær.
Ny dimensjon med VR
Studentane fortel at dei klarer å sjå for seg den virtuelle kvinna når dei er i praksis ute i sjukehusa. I grunngivinga frå juryen for å tildele jordmorutdanninga utdanningsprisen, løftast det fram at kvaliteten på undervisninga blir styrkt gjennom VR-teknologi og simulering.
Tiltaka bidreg også til at studentane utviklar ferdighetar og klinisk tryggheit, noko som er avgjerande i eit felt kor faglege avgjerder kan ha store konsekvensar.
– VR tilfører ein dimensjon som eg manglar, og ikkje klarer å skaffe gjennom tradisjonell undervisning i klasserom. Det gjer også at vi bruker færre undervisningstimar. Åtte timar undervisning i klasserom er erstatta med to timar VR, seier Aasekjær.
Sjå og lytte
Eit anna tiltak er podkast, og utvikling av korte videofilmar.
– Video i kombinasjon med simulering gjer at du får brukt alle sansane i læring. Visuelt, høyrsel og det praktiske saman med den grunnleggjande kunnskapen du får frå litteraturen, seier Aasekjær.
Den eine dagen kan studentane lytte til podkast medan dei joggar over vidda, og den neste dagen sjå ein video.
– Mykje av læringsressursane ligg tilgjengeleg slik at studentane kan bruke det på nytt. Mange opplever dette som nyttig.
Til podkastane kjem klinikarar som tek opp ulike problemstillingar, dei har etiske diskusjonar og får gjennom dette ei populærvitskapleg tilnærming til pensum.
– Vi tek opp spørsmåla som studenten synest er vanskeleg å stille i timane. Vi jobbar i eit spenningsfelt mellom dei fantastiske opplevingane, samtidig som vi må forhalde oss til menneske i si djupaste krise. Då kan vi lærarar «podde» og så diskuterer vi spørsmåla studenten har når timen er over, forklarer Aasekjær.
God ballast
Studentane deltek også sjølv i podkastane frå tid til anna.
– Dei sit med verdifull kompetanse og erfaring, og er stolte over å få vere med. Mange går kanskje i praksis og synest at dei ikkje er så flinke, så det å kjenne på meistringskjensle, og at du har noko å bidra med, det synest eg er viktig.
Alt arbeidet som blir gjort i utdanninga, håpar Aasekjær skal gjere studentane godt rusta til praksisperioden og vidare ut i arbeidslivet. Målet er trygge fagfolk som raskt kjem på plass i organisasjonane.
– Eg håpar vi har lagt til rette for at studentane kan fylle koppen sin på ein sånn måte at når dei kjem ut i arbeidslivet, har dei med seg ei ballast som gjer at dei kan gå vidare og utvikle seg som jordmødrer.