Kunngjering om val
3. februar 2025 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Frist for å krevje forholdstalsval er 23. desember 2024.
Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentant er ei viktig oppgåve.
Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.
Vi ønskjer at du skal engasjere deg!
Korleis skal valet skje?
Valet kan gjennomførast på to måtar, enten som forholdstalsval eller som fleirtalsval. Dersom valet skal skje som forholdstalsval må lokale fagforeiningar eller andre som har rett til det, sende krav om det til valstyret. Krav om forholdstalsval må vere valstyret ihende seinast 23. desember 2024.
Kva avgjer om det blir val?
Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn éi liste i samband med forholdstalsval, skal sjølve valet vere hemmeleg og skriftleg, og vil skje elektronisk. Valmateriell vil bli gjort tilgjengeleg på intranett i forkant av valet. Siste frist for å stemme er seinast valdagen, som er 3. februar 2025.
Dersom det berre kjem inn ei liste i samband med forholdstalsval, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.
Kva type val som vil bli gjeldande i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS vil bli kunngjort seinast 6. januar 2024. Denne informasjonen, i tillegg til meir informasjon om sjølve prosessen og reglane, vil bli lagde ut på denne nettsida og føretaka sine intranett etter kvart.
Kven har stemmerett?
Alle som er tilsett i føretaket på valdagen har stemmerett.
Kven kan føreslå kandidatar/fremje forslag til eiga liste?
Ved fleirtalsval kan alle med stemmerett foreslå kandidatar som dei ønskjer valde. Lokale fagforeiningar har også forslagsrett.
Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale fagforeiningar (åleine eller saman med andre lokale fagforeiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Ei lokal fagforeining kan berre stå bak éi liste.
Kva skjer no?
Dette er ei kunngjering om valet. Den neste informasjonen som kjem er ei kunngjering som forklarer om det blir fleirtalsval eller forholdstalsval.
Valstyra og valforskrifter (Lovdata)
Det er etablert eit valstyre for Helse Vest RHF og eit valstyre for kvart av helseføretaka og Helse Vest IKT AS. Valet blir gjennomført etter gjeldande forskrifter, om dei tilsette sin rett til representasjon i dei regionale helseføretaka og helseføretaka/Helse Vest IKT AS sine styre.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka