Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Meir fleksibel arbeidskvardag med pasientjournal på mobilen

Alle medarbeidarar i Helse Vest har nå fått tilgang til Arena Mobil på sin tenestetelefon. Med pasientjournal på mobilen sparer dei tid i ein hektisk kvardag. I tillegg gir løysinga auka kvalitet og pasienttryggleik.

Publisert 08.11.2024

– Arena Mobil fungerer godt, og eg er veldig glad for at fleire no får ta det i bruk, seier Jonas Meling Fevang, avdelingsoverlege på ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Han er éin av dei 60 som har testa Arena Mobil, ein app som gir tilgang til Helse Vests pasientjournalsystem på mobil. Med appen kan du til dømes sjekke opplysningar, ta eigne notat og dokumentere.

– Med Arena Mobil kan eg kjapt gå inn i DIPS og sjekke til dømes blodprøver utan å måtte logge meg på ei datamaskin først. Og viss pasienten lurer på noko mens eg er på visitt, kan eg enkelt slå det opp medan eg er der. Det går raskt, og eg sparer dermed mykje tid, seier Fevang.

Overlegen vart skuffa då DIPS Arena kom i si tid, men denne gongen er han meir tilfreds.

– Det er første gong DIPS har overraska meg positivt. Arena Mobil er så intuitivt, akkurat slik eit dataprogram bør vere i dagens samfunn, seier han.

En kvinne som viser en mann noe på nettbrettet
Jonas Meling Fevang, avdelingsoverlege på ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, kan enkelt gå inn i pasientens journal, utan PC, når han bruker Arena Mobil. (Foto: Helse Bergen HF)

Appen gir mange fordelar 

Fevang og dei andre utprøverane har brukt Arena Mobil sidan i fjor haust, og evalueringa frå testperioden viser at Arena Mobil har mange fordelar: 

Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon

Med Arena Mobil har dei tilsette i Helse Vest alltid pasientjournalen meg seg i lomma. (Skjermdump: DIPS AS) 

 

  • Sparer tid: dei fleste av utprøverane seier at dei sparer tid. Dei slepp å bruke tid på å finne ein ledig PC, og dei kan både lese seg opp på pasienten og gjennomføre oppgåver medan dei er på farta.
  • Auka kvalitet: klinikarane kan oppdatere journalen kontinuerleg, som bidreg til auka kvalitet på journalinformasjonen. Dei kan notere rett i appen og slepp å stole på minne eller papir for mellomlagring av viktig informasjon. Det blir også betre samhandling med pasienten, fordi behandlar alltid har tilgang til oppdatert informasjon.
  • Auka pasienttryggleik: dette blir særleg trekt fram av dei som jobbar utanfor sjukehuset og som ikkje har enkel tilgang til PC, til dømes i luftambulansen. Arena Mobil bidreg til eit styrka avgjerdsgrunnlag og ei meir effektiv behandling.


Perfekt for dei som er mykje på farta

Alle i Helse Vest får tilgang til appen, men han er best eigna for dei som er mykje i rørsle. Den skal ikkje erstatte DIPS Arena på PC, men vere eit supplement.

– Arena Mobil skal gi klinikarane i Helse Vest ein meir fleksibel arbeidskvardag. No har dei alltid pasientjournalen med seg, og dei slepp å bruke tid på å leite etter ein ledig PC. Dei kan blant anna lese seg opp på pasienten og gjere førebuande arbeid sjølv om dei ikkje har tilgang til PC, slik at dei er betre førebudde når dei møter pasienten, seier Annette Hole Sjøborg, leiar av arbeidet med bredding av Arena Mobil og innleigd konsulent frå DIPS AS.

Viktig IT-investering 

Fleire legar har uttalt seg om at arbeidsbelastninga er for stor. Dette har komme tydeleg fram i aksjonen #legermåleve. Legeforeininga har i eit innspel til Helse- og omsorgsdepartementet, knytt til ventetidsløftet, etterlyst betre digitale arbeidsflater som klinikarane kan ha med seg rundt på avdelingane. Arena Mobil er ei slik digital arbeidsflate.

– Då vi høyrte dei positive tilbakemeldingane frå klinikarane og såg at dette var tilgjengeleg for oss, har vi arbeida hardt for å få det til. Dette har vore høgt prioritert hos oss, og vi har stor tru på at dette er ei god investering, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.

Mann står og smiler

– Å få Arena Mobil til alle i Helse Vest, er noe vi har jobbet hardt for, sier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF. (Foto: Helse Vest RHF)

En mann som sitter foran en datamaskin

Jonas Meling Fevang, avdelingsoverlege på ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, er blant dei som har vore med og testa Arena Mobil i ein periode. Han er glad for at fleire no kan ta appen i bruk. (Foto: Helse Bergen HF)