Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ny, felles regional rapport klar:

Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtida

Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar. Det er nokre av tiltaka som blir foreslåtte i ein ny, felles regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”.

Publisert 12.02.2024
Sist oppdatert 13.02.2024
Et nærbilde av hender som holder en babys føtter
Foto: Colourbox

Rapporten peikar på korleis vi kan sikre god fødselsomsorg på sjukehusa i vest.

– Viss vi held fram med å løyse oppgåvene ved føde- og barseleiningane på same måte som i dag, er det høg risiko for at vi ikkje vil klare å dekkje det framtidige behovet innan fødselsomsorga i framtida. Det er viktig at alle aktørar tek innover seg at det vil krevje nye tiltak, og at vi saman no må setje inn tiltak som kan gi varig effekt, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF, som har leidd arbeidet med rapporten.  

Behalde, utvikle, utdanne og rekruttere  

Å behalde, utvikle og rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til føde- og barseleiningar blir heilt avgjerande. Kommunane har bygd opp jordmorkapasiteten over fleire år, og i stor grad rekruttert jordmødrer frå sjukehusa.    

– Kommunane har levert på det som var forventningane til dei, så dette er ikkje kritikk. Men både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta vil stå overfor dei same utfordringane framover, og då må vi finne løysingane saman, seier Christiansen.

– Eg vil understreke at fødetilbodet i regionen vår har høg kvalitet. Gravide og fødande skal vere trygge på at det held fram med å vere slik framover også – samtidig som medarbeidarane våre har ein arbeidskvardag som gir meistring og tryggleik. Nettopp derfor er det viktig at vi tek tak i dette no, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.  

Diagram, liggende stolpediagram
Gitt dagens nivå, utan at vi set i gang tiltak, visar rapporten at vi ikkje vil ha nok tilgjengeleg kompetanse i fødsels- og barselomsorga i 2040. Difor er det viktig å jobbe med dei ulike tiltaka framover.

Dette er tiltaka  

Her er tiltaka som blir tilrådde i rapporten:  

  • Endå betre oppgåvedeling og tett samarbeid mellom yrkesgruppene   
  • Prioritere heile, faste stillingar   
  • Fleksible vaktordningar og arbeidsplanar   
  • Utnytte eksisterande digitale system og vidareutvikle IKT-løysingar   
  • Utdanning som dekkjer behovet i tenesta   
  • Sikre god opplæring og kontinuerleg kompetanseutvikling   
  • Tillit til fødetilbodet og god kommunikasjon  

No skal helseføretaka jobbe vidare med tiltaka. Mellom anna er det viktig å finne berekraftige løysingar for den samla jordmorkapasiteten med kommunane. Kommunane vil, som det er peika på i rapporten, også merke at dei må ha god kontinuitetsplanlegging for framtida.    

– For å nå målet, må vi også samarbeide meir med kommunane. Eg trur vi kan klare dette, saman. Målet er eit trygt og godt fødetilbod på Vestlandet, avsluttar Christiansen.  

Kvinne med mørkt hår. Foto.
Hilde Christiansen er direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF, og har leidd arbeidet med rapporten "Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet".

Kva gjer Helse Vest RHF?  

  • Helse Vest regionalt helseføretak (RHF) har, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ansvaret for at dei rundt 1,1 million innbyggjarane på Vestlandet får eit likeverdig spesialisthelsetenestetilbod. 
  • Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. Ansvaret vårt blir utført gjennom dei offentlege sjukehusa og gjennom avtalar med private.
  • I tillegg har vi samarbeidsavtalar med legar og psykologar, som er avtalespesialistar. Nokre oppgåver blir også løyste gjennom nasjonale selskap, som er eigde av dei regionale helseføretaka i fellesskap.  
  • Helse Vest RHF eig helseføretaka Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
  • Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Førde sentralsjukehus er blant sjukehusa som høyrer til helseføretaka i vårt område.
  • I heile Helse Vest-regionen er det om lag 34 000 medarbeidarar, som alle arbeider med målet å gi best mogleg behandling til pasientane i sjukehusa på Vestlandet.   
  •