Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Skal få ned ventetida på auge- og øyre-nase-hals-sjukdommar

No legg sjukehusa i Helse Vest ned ein ekstra innsats for pasientane med øyre-nase-hals-sjukdommar og augesjukdommar.

Publisert 18.09.2024

– For pasientar som må vente lenge på time innan desse fagområda, vil det spele ei stor rolle at ventetida blir redusert. Å gå lenge med plager, kan ha ei stor verknad på både helsa og livskvaliteten, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.

Øyre-nase-hals-sjukdommar (ØNH-sjukdommar) og augesjukdommar er to fagområde med særskild høg ventetid i Helse Vest. Når sjukehusa får tildelt ekstra midlar, er målet å auke aktiviteten på desse områda. Auka aktivitet vil ofte ha ein positiv innverknad på ventetidene.

mann holder på rekkverk over trapp
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Jorunn Busk

–  Samtidig er ofte grunnane for lang ventetid kompleks og samansett. På desse to fagområda kan for eksempel oppgåvedeling og betre samhandling med avtalespesialistar vere ei god tilnærming, seier Vikse. Oppgåvedeling handlar om å omfordele oppgåver blant helsepersonell, for å betre utnytta dei ressursane vi har tilgjengeleg.

Del av Ventetidsløftet

I tillegg til auka aktivitet, skal midla også bidra til betre samarbeid med private avtalespesialistar og/eller kjøp frå private til same føremål.

Midlane som no blir tildelt, er ein del av regjeringas Ventetidsløftet og den varige styrkinga av basisramma til sjukehusa. I revidert statsbudsjett for 2024 fekk Helse Vest RHF tildelt 76,7 millionar kroner for målretta arbeid for å redusere ventetider i 2024. I tillegg blei Helse Vest tildelt 220,5 millionar kroner i varig styrking av basisramma også begrunna i arbeidet med å redusere ventetider.

Forverra helse med lang ventetid

Dei to fagområda har begge høge ventetider og det er mange pasientar som ventar. Ved utgangen av juli 2024 var det cirka 6600 pasientar som ventar på ØNH-time og cirka 3100 som venta på time til augepoliklinikk i Helse Vest samla.

– Helse Vest har særskilt merksemd mot pasientar med redusert høyrsel og syn for å gjere ventetidene kortare. Desse er ofte eldre og kan ha vanskar i tida dei må vente, seier Vikse.

Betre regionalt samarbeid

Begge fagområda kan ha stort utbytte av læring av kvarandre, ifølge fagdirektøren.

– For eksempel ved at helsepersonellet i poliklinikkane kan avlaste kvarandre og bidra til at flaskehalsane blir mindre. Ulike avdelingar har funnet ulike smarte måtar å arbeide på, og det er nyttig for avdelingane å lære av kvarandre.