Slik forbetrar kunstig intelligens helsetenesta
Frå raskare diagnose av brotskadar til avansert kreftbehandling – slik kan kunstig intelligens forbetre kvardagen for både pasientar og tilsette.
– Vi trur kunstig intelligens kan hjelpe oss med framtidige utfordringar som mangel på helsepersonell og kvaliteten på tenestene. KI kan gjere arbeidsprosessane våre meir effektive, noko som er viktig for å halde høg kvalitet i helsetenestene, seier Erik M. Hansen, direktør for e-helse i Helse Vest RHF.
Helse Vest har gjort store framsteg med å bruke kunstig intelligens (KI) i helsetenestene sine allereie. Dette er i tråd med Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027, som seier at KI kan gjere helsetenestene meir berekraftige ved å automatisere oppgåver og forbetre arbeidsprosessar.
KI i diagnostisering av bilete
Helse Vest har teke i bruk KI-løysingar på fleire område, som diagnostisering av bilete innan radiologi og patologi. Saman med Helse Sør-Øst og andre helseregionar har Helse Vest signert parallelle rammeavtalar med tre leverandørar av KI-plattformer.
– Vi har allereie sett gode resultat når KI hjelper legar med å vurdere beinbrot, seier Hansen og held fram: – Dette er eit område med høgt volum i Helse Vest. Auka effektivitet her vil vere til stor nytte for å redusere ventetider.
Andre KI-initiativ i Helse Vest:
- Deltek i minikonkurranse leia av Helse Sør-Øst, for diagnostiske bilete av brystpartiet (thorax). Dette er ei oppfølging av utprøvingar ved Haraldsplass diakonale sjukehus.
- Samarbeid mellom avdelingane for patologi om eit innovasjonsprosjekt, som bruker KI-løysingar for brystkreft og prostatakreft.
- Engasjerer seg i klinisk forsking for å sikre kvaliteten på KI-baserte løysingar, inkludert eit nasjonalt forskingsprosjekt på KI-programmet Transpara i mammografiprogrammet. Målet er å redusere bruk av legeressursar, utan å gå ut over kvaliteten på screeninga.
- Vurderer bruk av språkmodellar innan KI for effektivisering av journaldokumentasjon. Det inkluderer løysinga "Tale til samandrag", som gjer om opptak av konsultasjonar til tekst og deretter til utkast til samandrag. Dette er løysingar som kan redusere tidsbruk i dokumentasjonsarbeidet.
- Tek i bruk ein KI-basert arbeidsplangenerator. Den kan planleggje og administrere komplekse arbeidsplanar, noko som sparer tid og ressursar for både leiarar og medarbeidarar.
– Med kunstig intelligens kan vi forbetre helsetenestene våre på fleire måtar. Dette er eit viktig steg mot ein betre kvardag for både pasientar og tilsette, avsluttar Hansen.