Spesialisering til besvær
Dei indremedisinske og kirurgiske faga i spesialistutdanninga for legar i Noreg gjekk gjennom store endringar for nokre år sidan. No gir sjukehusa tilbakemeldingar om at det er stor trong for at legespesialistane innan desse faga får auka breiddekompetanse, for å delta i vaktarbeid og behandle det stadig større talet pasientar med fleire ulike sjukdommar.
Frå 2017 blei det gjort store endringar i spesialistutdanninga. Endringane innebar mellom anna at greinspesialitetar innan indremedisin og kirurgi vart gjort om til hovudspesialitetar og at det ikkje lenger var eit krav at alle skulle få godkjenning som spesialistar i generell indremedisin eller kirurgi.
Tilbakemeldingar viser at dette har ført til at få legar nå tar spesialisering i generell indremedisin eller kirurgi, men kun tar spesialisering i ein av dei gamle greinspesialitetane, som til dømes nyremedisin eller gastrokirurgi. Aktiviteten for overlegane på dagtid rettar seg også i stadig større grad mot éin greinspesialitet, ikkje generell indremedisin eller kirurgi.
Ved små og mellomstore sjukehus, er dei heilt avhengige av at overlegane deler på å gå vakt innan generell indremedisin og kirurgi eller bløtdelskirurgi. No kjem det meldingar om at legar som deltar i desse generelle vaktordningane, er usikre på om dei har tilstrekkeleg kompetanse.
– I forkant av dei nye innføringane diskuterte vi om vi ville oppnå generell vaktkompetanse innan indremedisin og kirurgi ved fullføring av læringsmåla i den nye utdanningsordninga. Det blei konkludert med ja, men det var uklart om dette betydde at legane også blei vaktkompetente for overlegevakt i desse spesialitetane, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.
Vurdere framtidig behov
Dei fire RHF-a har på bakgrunn av eit oppdrag i årets oppdragsdokument sett ned ei arbeidsgruppe som Vikse leier. Denne arbeidsgruppa skal mellom anna beskrive behov for breiddekompetanse i sjukehusa.
– Vi skal vurdere det framtidige behovet for spesialistar i breiddespesialitetane generell indremedisin og kirurgi. Vi bør også sjå på om det er andre tiltak som er aktuelle for å styrkje breiddekompetansen i indremedisin og kirurgi, seier Vikse.
Før endringane i spesialistutdanninga, måtte legar vere spesialist i indremedisin eller kirurgi for å bli spesialist i greinspesialitetane som høyrer til indremedisin og kirurgi.
Etter overgangen vart alle greinspesialitetane omgjorde til hovudspesialitetar, og det vart samtidig valt å behalde indremedisin og generell kirurgi som hovudspesialitetar. Spesialiteten Akutt- og mottaksmedisin blei også oppretta, ein spesialitet som rettar seg mot aktiviteten i akuttmottak, og som også dekkjer stor breidde.
– Denne nye ordninga er omfattande, og sjukehusa har hatt eit stort arbeid med å innføre denne, seier Vikse.
Generell kompetanse innan indremedisin og kirurgi er heilt sentralt for sjukehusa av fleire årsaker. Mellom anna er det på dei fleste av dei små og mellomstore sjukehusa i landet avhengige av å ha gode, generelle vaktordningar for indremedisin og kirurgi for å kunne ta i vare augeblikkeleg hjelp funksjonen.
Men alle sjukehusa i landet, også dei store, får innlagt stadig fleire pasientar som har fleire sjukdommar som må handterast i samanheng og det er både effektiv og god helsehjelp at desse pasientane blir teke i vare av spesialistar med breiddekompetanse.