Helse Vests forskingsmidlar – tildeling av strategiske og opent utlyste midlar
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har 28. november 2024 tildelt midlar til 58 søknader i den opent utlyste runden og til 8 strategiske satsingar. Alle søknader er vurdert i eksterne vurderingskomitear der dei likestilte kriteria kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurderinga.
Opent utlyste midlar med frist 15. september
Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tek utgangspunkt i dei 241 søknadane som er sendt inn innan fristen 15. september. Minimum 75 prosent av Helse Vest sine forskingsmidlar skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane.
Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Tom Mala.
Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.
Ein av fire søknader har fått tildeling i årets søknadsrunde. Mala trekk fram at det er gjennomgåande høg kvalitet på søknadene med få formelle feil og stor tematisk bredde. Søknadsporteføljen viser fleire gode forskingsmiljø i Helse Vest. Komiteane har fungert godt med gode diskusjonar og vurderingar. Les meir om hovudkomiteens innstilling (PDF)
I tillegg til tildeling til nye stipend og prosjekt, har 168 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering.
Strategiske satsingar 2025-2029 med søknadsfrist 7. juni
Før dei strategiske midlane ble lyst ut i mars, henta samarbeidsorganet inn innspel frå helseføretak og universitets- og høgskuleinstitusjonane, og valte på bakgrunn av 72 innspel, fire tematiske område som forskingsmiljøa kunne søkje innanfor:
- Nye behandlingsformer
- Bruk av kunstig intelligens og helsedata til forbetring av helsetenester
- Helsetenesteforsking for betre digitale og heilskaplege helsetenester
- Barn og unge med samansette og langvarige helseplager
Samarbeidsorganet har vore involvert i vurderinga av om innkomne søknader falt innanfor dei tematiske satsingane, før dei vart sende til ekstern vurderingskomité leia av professor Kåre Birkeland.
Birkeland trekk fram at arbeidet i komiteen har lagt hovudvekta på vitskapeleg kvalitet og nytte (klinisk relevans). Samtidig har dei lagt vekt på at strategiske satsingar skal være meir enn eit ordinært forskingsprosjekt, at det var regionalt samarbeid og at prosjekta ville byggje kompetanse og nettverk. Brukarmedverknad er vurdert. I den endelege vurderinga, når fleire prosjekt ble vurdert like sterke for vitskapeleg kvalitet og nytte, er det også tatt omsyn til fordelinga mellom dei fire tematiske satsingane. Komiteen understreka at søknadene heldt høg kvalitet med god deltaking frå helseføretaka i regionen.
I tillegg til tildelinga av nye strategiske satsingar, har Samarbeidsorganet vidareført tildeling til fleire mindre strategiske satsingar (mellom anna påskjønings-, posisjonering- og insentivmidlar). Det vil i desember bli lyst ut strategiske midlar retta mot mindre helseføretak. Vedtak om tildeling er planlagt til mars 2025.