Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Utlysing av midlar til nye strategiske forskingssatsingar

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet har sett av midlar til etablering av nye strategiske forskingssatsingar i Helse Vest. Midlar for perioden 2025 til og med 2029 blir lyst ut med frist 7. juni 2024. Det er sett av ei ramme på minimum 30 millionar kroner pr. år for tildeling til nye strategiske satsingar.

Publisert 22.03.2024
Bakgrunn mønster
Foto: istockphoto.com

Helseføretaka, universiteta, høgskulen og dei private ideelle institusjonane som har avtale med Helse Vest, vart i januar 2024 invitert til å kome med forslag til nye strategiske satsingsområde. Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har på bakgrunn av desse forslaga vedtatt å lyse ut midlar til strategiske satsingar innan fire område.

  • Barn og unge med samansette og langvarige helseplager
  • Bruk av kunstig intelligens og helsedata til forbetring av helsetenester
  • Helsetenesteforsking for betre digitale og heilskaplege helsetenester
  • Nye behandlingsformer

 

Les heile saka og sjå utlysinga.