Ventetidene er på veg ned
Helse Vest har sett i gang mange tiltak for å få ned ventetidene, i tråd med regjeringas Ventetidsløfte. Sjølv om måla ikkje er nådde, er det tydeleg at innsatsen gir resultat. Helse Vest har dei lågaste ventetidene i landet.
I regjeringas Ventetidsløfte er målet at ventetidene markant skal reduserast. For 2024 er målet å ha lågare ventetider enn kva regionen hadde i 2023. For 2025 har alle regionane fått same mål om å nå det nasjonale nivået frå 2019. På sikt er det framleis eit mål om at gjennomsnittleg ventetid skal vere lågare enn 50 dagar for somatikk, 40 dagar for psykisk helsevern vaksne, 35 dagar for psykisk helsevern barn og unge, og 30 dagar for tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB).
Helse Vest kjem ikkje til å nå måla i år, men utviklinga er god.
– Det blir jobba godt med å få ned ventetidene i alle sjukehusa våre, og vi ser ei positiv utvikling. Helse Vest er den regionen som har dei lågaste ventetidene i landet og spesielt for ventande pasientar har Helse Vest betre resultat enn dei andre regionane, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Se statistikken for ventetidene hos de ulike helseregionene.
Årsaka til at ein kan vere best i landet, men likevel ikkje nå målet i Ventetidsløfte, er at ein i år blir samanlikna med eigne resultat frå 2023.
Størst utfordring med somatikken
Siste rapportering viser at resultata innan psykisk helsevern er betre enn i 2023, og innan TSB er resultatet nær målet på 30 dagar.
Innan somatiske fagområde, er ventetidene framleis høgare enn i 2023. Men vi ser at talet på ventande pasientar er mykje lågare enn på same tid i 2023. Tidlegare analyser har vist at for å nå målet i 2025, må det vere særleg merksemd på å redusere talet på pasientar som har venta meir enn 90 dagar i dei somatiske fagområda. Utviklinga viser ei god trend for dette gjennom hausten.
– Helse Vest har dermed eit godt utgangspunkt for å nå målet i 2025, seier Vikse.
Har sett i verk mange tiltak
Det er i tillegg sett i gang mange tiltak som vil ha langvarige effektar. Døme på dette er
- regional rettleiar for kvalitetssikring av ventelister og opplæringstiltak for helsesekretærar
- regionale råd for vurderingar av tilvisingar
- styrka samarbeid med avtalespesialistane
- regionalt arbeid om betringar i høyrselsomsorga
– Det vil vere viktig å sikre at desse tiltaka får størst mogleg effekt i flest moglege einingar, og arbeidet framover må ha merksemd mot dette, seier Vikse.