Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Ventetidsløftet: God innsats gir resultat

Sjukehusa i Helse Vest har lenge jobba med å redusere ventetidene for pasientane. Arbeidet med ventetidsløftet er ein viktig del av denne innsatsen.

Publisert 25.11.2024

– Medarbeidarar og leiarar over heile Vestlandet gjer ein stor innsats, og sjukehusa skal nok klare å nå måla som er sette for 2025, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest. 

– Det initiativet som er teke med ventetidsløftet er ikkje berre eit oppdrag frå dei som er overordna oss, men også ei moglegheit til å forbetre tenestene for pasientane. Det er framleis eit stort arbeid att. Men når status på ventetider og fristbrot i landet per oktober er lagt fram, ser vi at den gode innsatsen, gir resultat. 

Tala er gode innan psykisk helsevern, både for barn og vaksne, og rusbehandling. Innan somatikken er utviklinga førebels svakare.  

– Eg er stolt av arbeidet som alle legg ned. Og så er det kjekt å sjå at sjukehusa i vest ligg godt an på landsbasis, både når det gjeld ventetider og fristbrot, seier Bryne.  

– Om det tar litt tid før vi ser resultat på alle områder, må vi hugse at vi arbeider med løysingar som kan vare over tid og forbetre teneste for pasientane på lang sikt. 

Færre ventar, men tida går ikkje ned på alle område 

Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF, seier det framleis er utfordrande å nå målet om markant reduserte ventetider allereie i år, samanlikna med i fjor. Ventetidene for pasientar som har fått oppstart helsehjelp, har vorte kortare både for psykisk helsevern og rusbehandling, men ikkje innan somatikk. Innan dei somatiske fagområda er ventetid for pasientar som framleis står på ventelistene, høgare ved utgangen av oktober i år enn på same tid i fjor. 

 – Kort sagt er status akkurat no at færre pasientar ventar på time i sjukehusa. Det er bra. Samstundes går ikkje dei samla ventetidene ned. Dette kjem delvis av at mange som har venta lenge, blir ein del av denne statistikken når dei startar utgreiing og behandling, seier Vikse. 

Særleg merksemd på ortopedi, øyre-, nase-, hals- og augesjukdommar 

Vikse forsikrar om at det gode arbeidet held fram.  

– Vi har faste møte med sjukehusa og har klare forventningar til dei. Vi har særleg merksemd på fagområda der flest ventar: ortopedi, øyre-, nase-, hals- og augesjukdommar. Vi har også merksemd på plastikkirurgi, der det er lange ventetider. 

– Arbeidet med ventetider er viktig for pasientane. Kortare ventetider og betre planlegging er også viktig for medarbeidarar og leiarar i sjukehusa. Lange ventetider opplevast som stressande og utfordrar fagleg kvalitet, seier Vikse. 

Kva har vi gjort så langt? 

Styret i Helse Vest får status månadleg på arbeidet med å få ned ventetider og fristbrot i helseregionen. Styresaken om ventetidsarbeidet per november finn du på helse-vest.no 

Her er nokre av tiltaka som er gjorde: 

  • Nasjonalt samarbeid: Vi er med i nasjonale arbeidsgrupper, som ser nærare på oppgåvedeling, teknologi og kunstig intelligens, og å redusere tidstjuvar. Desse gruppene har komme med mange forslag som sjukehusa no jobbar med å implementere. 
  • Kapasitetsanalysar: Vi bruker data og kunnskap for å best mogleg målrette innsatsen; Ventetidene skal vere på 2019-nivå innan sommaren 2025.  
  • Betre planlegging: Vi jobbar med å betre prosessane for planlegging. På den måten kan sjukehusa bruke ressursane meir effektivt og redusere unødvendig ventetid. 
  • Opplæring og rettleiing: Medarbeidarar, til dømes helsesekretærane, i sjukehusa får ekstra opplæring. Det er mellom anna laga felles, regionale rettleiarar for kvalitetssikring av ventelister og korrekt registrering.  
  • Ordningar for kompensasjon: Det er inngått ordningar for kompensasjon for ekstra arbeid for å få ned ventetidene. Det gjeld også avtalespesialistane. 
  • Samarbeid med private aktørar: Vi kjøper fleire tenester frå private, på enkelte område.
En dame med briller

Foto: Jan Inge Haga / Hike

Inger Cathrine Bryne. 
Mann i dress, smiler. Foto.
Bjørn Egil Vikse er fagdirektør i Helse Vest RHF.