Årets styringsdokument: Dette er viktig i 2025
Ventetidene til utredning og planlagd behandling skal ned. Dette er ei heilt sentral oppgåve for sjukehusa også i 2025. Samtidig blir det å behalde og rekruttere medarbeidarar, beredskap og digitalisering enda viktigare i 2025.
- styringsdokument for 2025 til føretaka (samleside på helse-vest.no)
- oppdragsdokument 2025 (regjeringen.no)
Denne veka fekk helseføretaka i Helse Vest dei årlege styringsdokumenta, som fortel kva oppgåver sjukehusa skal gjere i 2025.
– Kursen som er lagd gjennom tidlegare år, skal i stor grad førast vidare. Overordna skal vi jobbe for å gi gode helsetenester til befolkninga på Vestlandet. Vi kjenner dei tre overordna måla frå tidlegare. Vi skal prioritere psykisk helse og rus, samhandling, forsking, innovasjon, kompetanse og pasienttryggleik, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
No er det lagt til to mål til.
– Vi skal legge meir innsats i å vere den føretrekte arbeidsplassen for fagfolk, og førebu oss endå betre for beredskap på ulike områder, fortset Bryne.

Rask tilgang til helsetenester sentralt
Kvart år får helseføretaka eit styringsdokument av styret i Helse Vest RHF. Dokumentet gir retninga til kva sjukehusa – Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Førde – og Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal prioritere i året som kjem. I januar fekk Helse Vest RHF eit oppdragsdokumentet overlevert frå Helse- og omsorgsdepartementet, og styringsdokumenta til helseføretaka byggjer på dette.
– Sjukehusa har gjort ein stor og god jobb med ventetider allereie. Det arbeidet held fram i 2025. Det handlar om å realisere måla i Ventetidsløftet, slik at pasientane kjem raskare til utgreiing og behandling, men også korleis vi kan bruke, mellom anna, betre planlegging, behovsstyrt poliklinikk, oppgåvedeling og digital heimeoppfølging, seier Bryne.
Rekruttering og beredskap viktigare enn før
To mål er altså lagt til i 2025; at spesialisthelsetenesta skal vere den føretrekte arbeidsplassen. Tiltak for å redusere sjukefråværet er ein del av dette arbeidet. Også skal beredskapen styrkast.
– Fagfolka og leiarar i klinisk verksemd er det viktigaste vi har. I tillegg blir beredskap endå viktigare i tida framover. Vi lever i ei krevjande tid. Vi må vere betre førebudde på kriser, og styrke sikkerheitsarbeidet i alle føretaka våre, seier Bryne.