Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene

Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.

Publisert 17.02.2025

Det er sett i verk mange tiltak for å få ned ventetidene, i tråd med regjeringas Ventetidsløfte. Den augte bruken av digitale tenester blir trekt fram som eit av tiltaka som har fungert for å ned ventetidene i Helse Vest.

Frå 2023 til 2024 har

  • 8000 fleire pasientar hatt behovsstyrt poliklinikk. Det tilsvara ei auke frå 2,23 prosent til 3,75 prosent.
  • 21 000 fleire pasientar hatt video- og telefonkonsultasjonar. Det tilsvara ei auke frå 9,5 prosent til 10,8 prosent.

Dei digitale heilsetenestane blir tekne i bruk der dei kan avlaste helsepersonell, slik at dei får frigjort tid.

En person som sitter ved et skrivebord med en datamaskin og et kart

Foto: Per Marifjæren, Helse Førde HF

Anestesisjukepleiar Anja Auro er blant dei som brukar videokonsultasjon når det er mogeleg, og både ho sjølv og pasienten sparer tid og ofte lange reiser.

Mange fordelar med digitale tenester

Med over 13 prosent video- og telefonkonsultasjonar er Helse Førde best av Helse Vest-føretaka. Dei nærmar seg det nasjonale målet på 15 prosent.

- Utviklinga er gledeleg. Vi skal bruke digitale verktøy så sant vi kan gje like god helsehjelp som ved fysiske konsultasjonar. Det sparer tid for pasientar og reduserer reisebelastning. Helse Førde sparar pengar på reiser og, i mange tilfelle, også personalressursar, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, understrekar at potensialet for å avgrense auka bruk av personalressursar truleg er endå større ved behovsstyrt poliklinikk og nettbasert behandling, og dette arbeidet vil bli intensivert i 2025 i tråd med årets oppdragsdokument.

Ventetidene i Helse Vest i ei positiv utvikling

Dei førebelse resultata for ventetider i januar 2025 visar at:

  • ventetidene for psykisk helsevern og rusfeltet framleis er betre enn i 2023 og nær målet for 2025.
  • for dei somatiske faga er ventetidene for behandla pasientar høgare enn i 2023. Dette skuldast i hovudsak at mange pasientar med svært lang ventetid har fått behandling, og ventetid for ventande pasientar er nå redusert til 65 dagar, som er lågare enn for januar 2023 og januar 2024.
  • tal ventande pasientar er vesentleg færre ved utgangen av januar 2025 enn tidlegare år, og om lag på nivået for 2019.

– Total sett vurderer vi dette som ei positiv utvikling for regionen og det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid i 2025. Det vil framleis være viktig innsats som må til for å nå kravet for 2025, seier Vikse.  

Mann står ved gelender

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, trur det er eit stort potensial for å avgrense auka bruk av personalressursar ved behovsstyrt og nettbasert behandling. - Dette arbeidet vil bli intensivert i 2025 i tråd med årets oppdragsdokument, seier han.

 

Les meir om ventetider i Helse Vest.