Felles satsing på klarspråk i Helse Vest
I 2025 skal medarbeidarar i Helse Vest få hjelp til å skrive klarare. Pasientane må forstå informasjonen frå sjukehuset, og dei som arbeidar i tenesta må forstå kvarandre. Blant tiltaka er ei ny språkprofil, digitale klarspråkskurs og ein eigen skriverettleiar for stillingsannonsar.
– Språkarbeidet som nå blir sett i gang, er viktig. Å snakke eller skrive slik at mottakaren lett forstår, handlar om likeverd, tillit og risikoførebygging. Det er heilt avgjerande at pasientane forstår oss, og at vi som arbeidar i tenesta, forstår kvarandre, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.
Før jul slo det regionale direktørmøtet i Helse Vest fast at alle sjukehusa og føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk og målretta med klarspråk i 2025. Det regionale direktørmøtet, der dei administrerande direktørane sit, tar opp saker månadleg som gjeld for alle føretaka i Helse Vest.
– Klarspråk kan for eksempel gjere at vi bruker litt mindre tid på lange e-postar eller annan tekst, og meir tid til det vi faktisk må gjere. I tillegg viser berekningar at klarspråk lønner seg – vi unngår unødig tidsspille, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Dette er klarspråkshjelpemidla
Dei administrerande direktørane i sjukehusa på Vestlandet vedtok ein språkplan for Helse Vest rett før jul, som gir retning og tiltak for språkarbeidet for dei neste ti åra.
Og nå lanserer Helse Vest tre ulike hjelpemiddel, som skal hjelpe medarbeidarane til å skrive klart og korrekt.
Hjelpemidla består av
- ein språkprofil for Helse Vest, som er ei praktisk rettleiing i korleis vi skal skrive. Denne kan brukast av alle medarbeidarar som eit oppslagsverk.
- ein skriverettleiar for dei som skriv stillingsannonsar. For å løyse rekrutteringsutfordringar framover, blir det enda viktigare med gode stillingsannonsar. Søkaren skal få eit tydeleg bilete av kva stillinga inneber, og korleis det er å jobbe hos oss. Det hjelp skriverettleiaren til med.
- fleire digitale klarspråkskurs til ulike medarbeidarar utover våren.

Foto: Øystein Fykse, Helse Bergen
Nyttig i kvardagen
– I ein travel sjukehuskvardag er det ikkje alltid like enkelt å prioritere klarspråk. Derfor har vi laga nokre hjelpemiddel, som vi oppfordrar alle medarbeidarar til å bruke. Klarspråk er lovpålagt for alle oss som jobbar offentleg. Samstundes vil vi at dette ikkje berre blir noko vi må gjere, men at vi først og fremst opplev det som nyttig i kvardagen, seier Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF.
Språkarbeidet blei også behandla av styret i Helse Vest RHF rett før jul.

Foto: Anette Moi / byHands
Kva er klarspråk?
Klarspråk er korrekt, tydeleg og brukartilpassa kommunikasjon. Ein tekst er skriven i klarspråk når lesarane
- finn det dei treng (tydeleg struktur)
- forstår det dei finn (tilpassa språk)
- kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal (tydeleg funksjon)
Kva er ein språkprofil?
Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler at dei blir varetekne. Språkprofilen er eit hjelpemiddel for alle som skriv til pasientar og pårørande, til fagpersonar og internt i Helse Vest.
Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre. Måten vi skriv på, skal bidra til at pasientar, pårørande og medarbeidarar opplever oss som profesjonelle, trygge og nære.