Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Gode register gir betre helsetenester

8 av dei 21 medisinske kvalitetsregistera til Helse Vest har nådd det høgaste stadiet for kvalitetsregister. Denne innsatsen bidreg til betre helsetenester for pasientane.

Publisert 16.01.2025
Mann i dress

Foto: Jorunn Busk

Assisterande fagdirektør Panchakulasingam Kandiah i Helse Vest.

Helse Vest bruker 80 millionar kroner årleg på kvalitetsregistera vi eig.

– Vi har tett oppfølging av registera, og har eit eige senter som kan bidra til teknisk forbetringsarbeid for at registera skal gå framover, fortel assisterande fagdirektør Panchakulasingam Kandiah i Helse Vest RHF.

Kvalitetsindikatorane av registera blir brukte til å jobbe med forbetring i helsetenesta.

– Det er slik vi forbetrar kvaliteten, så kvalitetsregistera er eit veldig viktig verktøy for helsetenesta, seier han.

Viktig verktøy

Eitt av registera frå Helse Vest som har nådd høgaste nivå, er Nasjonalt Korsbåndregister med base i Bergen.

En mann iført hvit skjorte

Foto: Privat

Eivind Inderhaug.

– Det er rundt 50 norske sjukehus som registrerer inn alt dei gjer i dette registeret. Det gjer at vi får litt overblikk over kva som går føre seg i Noreg, og det er veldig bra, seier overlege Eivind Inderhaug ved Haukeland universitetssjukehus, og leiar for registeret.

Det er som regel behandlarar som rapporterer inn diagnosar eller behandlingar i dei nasjonale registera. Denne informasjonen kan i Nasjonalt Korsbåndregister brukast til å avdekkje prosedyrar eller implantat som ikkje er gode nok, til å finne risikofaktorar for eit dårleg utfall etter behandling, og til å gi ei oversikt over pasientgruppene og behandlingane som blir gitt.

– Registeret vårt er eitt av dei som inneheld informasjon kva slags implantat vi set inn i pasientane. Om det eksempelvis kjem nye protesar må vi følgje med på om dei gjer det like bra, eller om dei ikkje er fullt så gode som dei eksisterande, forklarer Inderhaug.

Oppfylle krav

Registera utarbeider kvart år ein årsrapport etter ein mal vedtatt av den interregionale arbeidsgruppa for kvalitetsregister. Denne malen reflekterer krava i ei stadieinndeling som vurderer funksjonaliteten og kvaliteten av registeret. Krava omfattar:

  • Datakvalitet, inkludert dekningsgrad
  • Tilgjengeleggjering av resultat
  • Evne til å nytte resultat i forbetringsarbeid
  • Inklusjon av pasientrapporterte kvalitetsmål

Årsrapportane blir gjennomgåtte årleg av den nasjonale ekspertgruppa for medisinske kvalitetsregister, som klassifiserer registera etter stadieinndelinga. Denne vurderinga sikrar at kvart kvalitetsregister fungerer etter formålet sitt og oppfyller krava til drift og rapportering for å halde den nasjonale statusen sin.

Stadieinndelingssystemet har fire stadium og tre nivå.

Oppfylling av krava på stadium 1 er ein føresetnad for å komme i betraktning for nasjonal status, medan stadium 4 beskriv det som kan forventast av eit velfungerande kvalitetsregister.

I tillegg blir arbeidet av registera vurdert med kvalitetsforbetrande tiltak til nivå A-C, som ein del av stadievurderinga.

Etter denne vurderinga vil stadium 4a vere høgaste nivå eit register kan oppnå.

Ekspertgruppa har vurdert 59 nasjonale medisinske kvalitetsregister, der 21 er forankra i Helse Vest. Av desse har no åtte register nådde det høgaste nivået, stadium 4a, noko som er ei stor anerkjenning av deira arbeid og kvalitet.

Blir følgt vidare

Nasjonalt Korsbåndregister inneheld i hovudsak idrettsaktive ungdommar med ein snittalder på 29 år. Pasientane blir registrerte inn ved operasjon, og blir følgde vidare i opptil ti år via skjema dei sjølv fyller ut i Helsenorge.

– Pasientane fyller ut skjema som fortel om knefunksjonen deira. I tillegg svarer dei på spørsmål om aktivitetsnivå, korleis skadde du deg og kor aktiv du var før og etter operasjonen. Dette kan kaste lys på kva vi får pasientane tilbake til, og kor bra behandlinga er, seier Inderhaug.

Registera kan også brukast aktivt til forsking.

– Vi balanserer mellom kvalitetsarbeid på den eine sida og forsking på den andre sida. Til dømes har vi publisert at ein type graft hadde mindre reoperasjonar enn ein annan type graft. Desse studiane har fått mykje merksemd, og dei har ført til at vi har på verdsbasis endra korleis pasientane blir opererte, seier Inderhaug.

Kunstig intelligens

Nasjonalt Korsbåndregister er langt framme i teknologibruken, kan Inderhaug fortelje.

– Over tid har vi jobba med å bruke kunstig intelligens i samarbeid med amerikanske universitet, og vi jobbar på tvers av nordiske land for å bruke algoritmar frå kunstig intelligens for å predikere korleis det går med pasientane.

I ein kalkulator kan behandlar taste inn kjønn, alder, kroppsvekt, idrett og andre risikofaktorar, og får ut ein slags risiko for korleis det kan gå med pasienten.

– Det er nyttige verktøy som kan komme ut av at vi bruker desse store dataa strukturert.

I tillegg til kunstig intelligens, blir det akkurat no jobba med effekten av meniskskadar, kva meniskskadar dei finn under korsbandkirurgi og korleis behandlinga her påverkar utfallet etter kirurgi.