Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Klimalagspelaren

Hilde Elvebakk Hjelmeland tek med seg erfaringar frå landslagskarriere som volleyballspelar når ho går laus på miljøutfordringar i sjukehusa.

Publisert 18.02.2025
Sist oppdatert 20.02.2025
En kvinne som smiler utenfor

Foto: Privat

Hilde Elvebakk Hjelmeland.

Helseføretaka skal i tråd med nye felles klima- og miljømål arbeide med å redusere unødvendig forbruk og auke gjenbruk og materialgjenvinning. Til hjelp i dette arbeidet skal Tiltaksbanken tas i bruk, som er eit hefte med forslag til miljøtiltak du kan gjere i avdelinga di.

Det er Hilde Elvebakk Hjelmeland i Helse Førde som står bak Tiltaksbanken. Ho har ansvar for arbeidet med klima og miljø i Helse Førde, ei stilling ho har hatt i snart tre år.

– Opphavleg er eg radiograf, så eg kjem frå klinisk drift. Dette trur eg kan ha nokon fordelar, mellom anna at eg ser at vi kan drive pasientbehandling utan den miljøbelastninga det er i dag. Samstundes ser eg også utfordringane medarbeidarane står i dagleg, seier ho.

Fleire tonn plast

Eigentleg hadde ho ikkje eit drivande miljøengasjement, men det har endra seg i takt med erfaringane ho har gjort seg i stillinga.

– Med bakgrunnen min har eg jo visst at det har vore behov for miljøtiltak, men ikkje kor stort behovet faktisk var. Om fleire medarbeidarar i sjukehusa hadde sett det same som eg har gjort gjennom arbeidet i denne stillinga, så hadde mange fått auga opp, trur ho.

Hjelmeland trur vi ofte tenkjer at det ikkje utgjer den store forskjellen om vi til dømes er flinke til å skru av lyset eller ikkje.

– Men når vi kjem inn på konkrete ting som forbruk av utstyr, så finst det tiltak som er gode. Vi kan gjere mange små grep vi ikkje er klar over, seier ho.

Eit eksempel frå banken er å gå gjennom avfallsbehaldarar i di avdeling. Ved å fjerne avfallsbehaldarar som er lite brukte minskar vi bruk av plastposar og avfallssekker. Forbruket av avfallssekker er svært høgt, og utgjer i seg sjølve ei stor mengde avfall. Mange posar har også veldig låg fyllingsgrad.

Rådgjevingsselskapet Mepex har saman med Oslo Universitetssjukehus kartlagt plastbruk i sjukehussektoren. Analysen viste at dersom spesialisthelsetenesta kan redusere bruk av små avfallsposar med 20 prosent, sparer vi 280 tonn plast årleg.

Brukast nasjonalt

Tiltaksbanken vart skapt etter inspirasjon frå Bæredygtighetskatalogen til Region Midtjylland i Danmark.

Helse Førde har lenge hatt excel-skjema i liknande stil, for å lette arbeidet til avdelingane når dei leggjer inn miljøtiltak i handlingsplanane dei skriv kvart år. No er arbeidet teke opp nokre gode hakk, og Tiltaksbanken til Hjelmeland blir rulla ut nasjonalt til bruk i alle sjukehus.

– Nasjonalt er dette teke godt imot, så no kjem jobben med å forankre det godt og spreie det i eigen organisasjon. Vi må finne dei som er miljøengasjerte, løfte fram det som gir inntrykk og som kan delast vidare. Dei døma er det mange av, seier ho.

Høgt materialforbuk

Noreg er blant landa med høgast materialforbruk, som ligg 70 prosent over europeisk gjennomsnitt, og meir enn tre gonger det planeten toler.

Heftet er delt inn i eksempel på tiltak som kan kuttast ut, som kan bytast og ut som kan sorterast ut.

  • Kutter vi ut produkt og aktivitetar som er unødvendige, så reduserer vi klimaavtrykket frå det produktet eller den aktiviteten med 100 prosent.
  • Bytter vi ut produkt og aktivitetar med eit meir miljøvennleg alternativ, eller byter frå eingongs- til fleirgangsprodukt, kan vi redusere klimaavtrykket frå det produktet eller den aktiviteten med 38 - 56 prosent.
  • Om vi sorterer ut og gjenvinner produkt, kan vi truleg redusere klimaavtrykket frå det produktet eller den aktiviteten, men det har langt mindre effekt enn å kutte og byte ut.

Erfaringar frå idretten

Hjelmeland er tidlegare volleyballspelar på landslagsnivå, og synest det er mykje å hente frå idretten inn i arbeidet ho no gjer.

– Dette med å engasjere andre, få dei til å spele på sine sterke sider – og så er eg vand til å forhalda meg til andre spelarar og behova deira. Sånn blir det også med kollegaer i tette prosjekt, seier ho og smiler.

Og volleyballen er ikkje lagd på hylla. Til helga er det kamp!