Miljø-influensaren
Helle Akselsen vil påverke medarbeidarane i sjukehusa til å ta miljømedvitne val, og tek sjølv med seg klima- og miljøperspektivet inn i alt ho gjer. Noko anna meiner ho ikkje vil vere mogleg når ho veit det ho veit.

Foto: Privat
– Av og til kjenner eg meg som ein influensar. Ein som prøver å finne vegen inn til folks engasjement, seier Helle Akselsen og ler.
Det siste halve året har ho vore rundt på særleg kirurgisk klinikk på Sjukehuset i Vestfold, og snakka om avfallet frå sjukehusa, kva som renn ut i havet, plast, kjemikaliar – og det kraftige overforbruket sjukehus, men også vi som menneske har.
Målet er meir miljømedvitne medarbeidarar, som kan ta gode val i kvardagen slik at vi får ei meir berekraftig helseteneste.
– Gjennom stillinga mi har eg fått tileigne meg mykje kunnskap, og jo meir eg jobbar med dette, jo meir ser eg at vi har eit stort problem og masse som kan gjerast. Vi driv med eit enormt overforbruk i sjukehusa, seier ho.
Sterke inntrykk
For seks år sidan kom ho frå Oslo universitetssykehus til Sykehuset i Vestfold for å jobbe med ISO-sertifisering 14001, standarden som angir krav til eit miljøstyringssystem som skal gjere ein organisasjon i stand til å utvikle og setje i verk politikk og mål som tek omsyn til lovfesta krav og informasjon om vesentlege miljøaspekt.
Kort fortalt: Å ha kontroll på klima og miljø i sjukehusa.
– Det har gått frå at eg starta på systemnivå med å ha orden på ISO 14001 og alt det handlar om, til at vi må få med alle på denne tenkinga. Vi må nå kvar enkelt person slik at vi kan gjere ein forskjell.
Akselsen trur at viss alle hadde hatt stillinga hennar eit år eller to, då hadde klima- og miljøarbeidet verkeleg fått fart på seg.
– Informasjonen eg har tileigna meg gjennom jobben har gjort noko med meg som menneske. Når du først veit det du veit om korleis vi som jobbar i sjukehus påverkar område som klima, miljø og menneskerettar, då slepper du det aldri, seier ho.
Dette er kunnskap som kan kjennast litt tung å bere, for mykje av det ho har sett er rett og slett ganske urovekkjande. Barnearbeid og forureining er toppen av eit djupt isfjell.
– Men vi må gjere det beste ut av det, og få fram bodskapen om korleis jordas tilstand er. Sprei det på ein måte som kan brukast positivt og skape engasjement!
Byrjar å tenkje
Målet hennar er at å ta omsyn til klima, miljø og overforbruk skal vere ein del av det å jobbe med forbetring.
– Pasienttryggleiken kjem naturlegvis først i alt arbeid i sjukehusa, og eg vil vise at miljøtiltak ikkje treng gå ut over pasient- og ansattryggleik. Det treng ikkje komme i tillegg, men som ein naturleg del av arbeidet.
Akselsen opplever stort engasjement blant dei ho snakkar med, og idear kjem på løpande band etter ho er ferdig å snakke.
– Mange byrjar å fundere over kvifor vi gjer som vi gjer. Er det av gammal vane, eller er det ein grunn? Ofte har vi berre tilført fleire ting gjennom åra, og ikkje tenkt over kvifor vi gjer det, seier ho.
Snart ny jobb
Medarbeidarar kan vere viktige pådrivarar, men utan god forankring i leiinga vil det vere ei tung skute å snu.
– Ein leiar i spissen som kan drive det vidare, er heilt nødvendig. Nokon som støttar medarbeidarane, og som ser at å satse på miljøtiltak er nyttig.
Du må bli engasjert for å gjere klima- og miljøtiltak som fører til endringar, meiner ho.
– Og vi må tenkje på fleire ting samtidig når vi gjer endringar. Dette er også tankesettet til ISO-standard, og at det skal vere ein del av korleis vi jobbar.
Snart går ho over i ei ny rolle på same arbeidsplass. Tittelen HMS, klima- og miljørådgivar blir bytt ut med beredskapsrådgivar. Men miljøengasjementet kjem aldri til å forsvinne.
– Det er spennande å gå inn i eit nytt fagfelt, og det blir jobba mykje med klima og miljø også her. Eit tema er til dømes forsyningstryggleik kopla opp mot eingongs- og fleirgongsutstyr. Både for beredskap og miljø er det betre med fleirgongsutstyr, seier ho.