Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Miljøkrigaren

Klima- og miljørådgivar Yngve Urskar Mathisen elskar å vere med å bidra til det gode for Stavanger universitetssjukehus.

Publisert 26.02.2025
En mann med hvitt hår

Foto: Privat

Yngve Urskar Mathisen.

Yngve Urskar Mathisen på Stavanger universitetssjukehus formeleg boblar av glede der han med stor entusiasme fortel om den fantastiske dagen han har framfor seg. Ikkje berre er det fredag, dagsordenen er i tillegg fullspekka av prosjekt og oppgåver han brenn for. Livet er godt.

– No skal eg først snakke med deg på morgonkvisten, så vidare til dialogmøte med Helle Schøyen (Administrerande direktør i Helse Stavanger) om nye klima- og miljøprosjekt, og så skal eg halde foredrag for verneomboda. Eg er din klima- og miljøkrigar! Og må vere med til å bidra til det gode for sjukehuset.

Kvifor ikkje?

Som 16-åring køyrde han motorsykkelen sin rett inn i ein lastebil. Dyktige helsepersonell redda han frå å blø i hel, noko som har sett livet i eit langt perspektiv for Urskar Mathisen.

– Vi har jo denne visjonen om å fremje helse, meistring og livskvalitet. Og utan ein helsearbeidar som skjønner korleis ting heng saman hadde ikkje eg stått her. Drivkrafta mi er at eg får vere med på noko som er større enn meg sjølv.

Han vil vere den rådgivaren som gir gode klima- og miljøråd til leiing og kollegaer. Innspel som klimabudsjett og sorteringsrettleiarar – grep som kan gjere det lett for folk å ta kloke val.

– I staden for å spørje kvifor, spør eg kvifor ikkje?

Far gjekk føre

Resirkulering kom tidleg inn i livet til Urskar Mathisen. Allereie på 1970-talet byrja far hans å samle inn holkort i tjukt papir som den gongen blei brukt til stempling på arbeidsplassar, som han sende til gjenvinning i Austerrike og fekk nytt papir i retur.

– Far min sette også opp ei lita bu på avfallsplassen i Bodø, der han spurde om folk kunne sette igjen pappesker dei hadde med seg. Han var tidleg ute med denne tankegangen, for den gong blei jo alt karakterisert som søppel. Eg jobba saman med far min i fleire år med dette, fortel han.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, er eit av fleire mantra denne utflytta nordlendingen har.

– Eg får masse førespurnader frå engasjerte folk på SUS som stiller spørsmål. Det er godt å kjenne på at her er det mange som bryr seg.

Handlar brukte

Sjølv handlar han ofte på gjenbruksbutikkar, og synest han finn det meste han treng om han berre leitar litt.

– For meg er det viktig å vise gjenbruk og ombruk ikkje berre i ord, men også i handling. Dette med sirkulærøkonomi manglar i dagens samfunn, vi lagar ikkje ting for at dei skal vare, men dette må vi gjere om på.

Det meiner han også er viktig for arbeidsplassen sin.

– Vi bør ikkje la økonomien vi har her og no styre alt, og stoppe meir kostbare prosjekt som gir gevinst på lang sikt. Eg håpar dei tør å satse på langtidsperspektiv på det nye sjukehuset på Ullandhaug.

Klar for nytt sjukehus

Og apropos nytt sjukehus. Nedteljinga til innflyttinga på nye SUS har han kontroll på. I skrivande stund er det 267 dagar til «toget går».

– Det synest eg er så fint! Då eg las slagordet «Vårt SUS» tenkte eg YES og trykte det til hjartet. Eg vil bli med på dette, og gjere mitt for klima og miljø på ny arbeidsplass.

Snart blir han 70 år. Det betyr at han kan jobbe to år til, og det synest han er veldig bra.

– Så lenge eg har helsa, og er ein liten rockar som synest det er kult å vere med på denne reisa, så er eg her, seier han og smiler fornøgd.