eDialog

Send post til Helse Vest RHF på ein sikker måte med eDialog.

​Helse Vest har teke i bruk tenesta eDialog, så nå kan både verksemder og privatpersonar sende oss brev og dokument via ein sikker kanal.

Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog.

Vi oppmodar både privatpersoner og verksemder til å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og trygg måte.

Slik loggar du inn via eDialog

Logg inn via eDialog
  • For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss

Slik fyller du ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Tittel: Her skriv du kva sendinga di gjeld/overskrift.
  • Kommentar: Her gir du ein meir utfyllande beskriving av sendinga di.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".

Fann du det du leitte etter?