Medarbeidarane våre er den viktigaste ressursen vår. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Ved tilsetting blir det stilt dei same krava til utanlandske borgarar som norske:
-
Du må kunne kommunisere på norsk skriftleg og munnleg
-
Du må kunne vise fram gyldig opphalds- og arbeidsløyve der dette er eit krav
-
Du må framvise autorisasjon der det er eit krav.
-
Politiattest til stillingar der det er påkravd, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma.
-
Rett dokumentasjon på vaksinasjon.
Hovudreglar opphaldsløyve for arbeid:
-
EØS-borgarar (EU og EFTA) kan registrere seg i Norge i staden for å søke opphaldsløyve for arbeid. EØS-borgarar skal registrere seg hvis dei skal opphalde seg og arbeide i Norge i over tre månader. Det er politiet som administrerer denne ordninga.
-
Nordiske borgarar har opphaldsløyve for arbeid i Noreg.
-
Statsborgarar utanfor EØS må som hovudregel søkje opphaldsløyve.
-
Har du mellombels opphaldsløyve for arbeid må du opplyse om dette til arbeidsgivaren din. Løyve må fornyast seinast ein månad før det går ut.
-
Skjema for registrering og søknad om opphaldsløyve for arbeid i Norge
finn du på UDI sine nettsider.
-
Opplysingar om skattekort og ID-kontroll, krav til dokumentasjon og søknadsskjema finn du på
Skatteetaten sine nettsider eller nettsidene til
Ny i Norge.
-
I samband med søknad om skattekort og ID-kontroll får du tildelt norsk fødselsnummer/D-nummer. Opplysningar om dette får du via Skatteetaten eller Ny i Norge sine nettsider.
-
For å opne bankkonto for utbetaling av lønn i Noreg må du ha norsk fødselsnummer.