Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Innsatsområde 2: Dataforvaltning

Målbilete: Vi har etablert eigarskap og god forvaltning av dataa våre som sikrar at dei er pålitelege, lett tilgjengelege og tilrettelagde for deling og gjenbruk.

Lege som ser på en stor skjerm med masse data

Foto: Helse Bergen

Roller og ansvar

Helse Vest har eit rammeverk for dataforvaltning som gjer det enkelt å vite kven som er ansvarleg for å følgje opp dataa våre. Alle datadomene har ein eigar og ein koordinator, slik at det er klart kven ein skal kontakte for spørsmål og behov. Ansvaret for forvaltning av ulike data, inkludert finansiering og kapasitet, er klart definert og forankra. Dei som har ansvar for dataa, anten det er eigarar, forvaltarar eller koordinatorar har den kompetansen, kapasiteten og ressursane dei treng for å kunne følgje opp ansvaret.

 

Etablerte rutinar

Vi har etablerte rutinar som sikrar at dataa har høg datakvalitet, er enkle å få tilgang til, er sikre og kan delast effektivt. Dette gjeld særleg grunndata, referansedata og andre data som det er særleg verdifullt å kunne dele effektivt.

 

Forvaltning som grunnmur

Gjennom gode rammer for forvaltning av metadata, datakvalitet og datakrav støttar vi gjenbruk av data og betre bruk av data til avgjerdsstøtte, analyse og forsking. Forvaltninga gjer oss også betre i stand til å utnytte moglegheitene i kunstig intelligens (KI).

KVA KAN VI GJERE:

  • Kartleggje datadomene, og definere, fordele og forankre eigarskap og ansvar for desse tydeleg i verksemda.​
  • Etablere roller som informasjonskoordinator og dataforvaltar, med klare ansvarsområde. Sikre opplæring, kompetansebygging og frigjering av kapasitet for å ruste dei som får desse rollene til å handtere ansvaret.​
  • Identifisere dei viktigaste grunndataa, og vurdere eksisterande forvaltning av desse. Etablere ny forvaltning der det manglar, basert på eksisterande praksis der det fungerer godt i dag​
  • Sikre tilstrekkeleg kapasitet og finansiering, basert på identifiserte nytteverdiar, slik at ressursar kan fordelast der dei gir størst effekt
samtale mellom to helsepersonell
Frø spirer

NYTTE

Betre ansvarsfordeling gir meir effektive IKT-prosessar​

Når ansvar og eigarskap for data er klart definert, blir det enklare å handtere utfordringar og følgje opp nødvendige tiltak. Dette er grunnleggjande for at vi skal oppnå god oversikt over dataa våre og bidra til at IKT-leveransar skjer raskt og effektivt. ​

Tydelege prosessar for dataforvaltning gjer det også enklare å utvikle nye digitale løysingar og integrasjonar.

 

Døme

For datasettet «Ansvarlege rollar» er det uklart kven som har ansvar for å forvalte desse dataa på tvers. Meldingsvarslingsprosjektet identifiserte kritiske problemstillingar med dataa, og desse utfordringane har vorte sende mellom avgjerdstakarar i to år utan at nokon har eigarskap og tek ansvar for å løyse dei. ​

Med klare ansvarsområde og etablerte roller, vil ansvaret for dataa vere tydeleg plassert. Dette vil støtte raskare og tryggare implementering av løysingar, og redusere risikoen for forseinkingar på grunn av uklart ansvar.

samtale mellom to helsepersonell
varsellys

RISIKO

Manglende kontroll øker risikoen for sikkerhets- og personvernbrudd​

Uten klar ansvarsfordeling og god dataforvaltning, får vi ikke god nok oversikt og kontroll over dataene våre. Dette øker risikoen for brudd på personvern og feil behandling av sensitiv informasjon. ​

Når ingen har et tydelig ansvar for blant annet datakvalitet og sikkerhet, kan det lett oppstå situasjoner hvor personopplysninger og sensitiv informasjon ikke blir behandlet i tråd med gjeldende lover og regler.

Døme

Vi veit ikkje nøyaktig kva data systema våre inneheld. Det gjer det vanskelegare å setje rett nivå på tilgangskontrollane. Utan den rette tilgangskontrollen risikerer ein uautorisert tilgang. ​

​For å kunne ha oversikt over kva data som finst i kva system, treng vi eigarskap til og forvaltning av dataa. Dette inkluderer ansvar for å dokumentere kva data vi har kvar.  

Innsatsområde

Datastrategi i Helse Vest

Strategien setter retning for en informasjonsforvaltning som støtter ambisjonene våre​. Strategien setter felles mål for hva vi skal prioritere og hvordan vi skal håndtere og dele data, slik at vi kan bidra til å gjøre helsesektoren mer sammenhengende, brukervennlig, og effektiv.
Tilbake til framsida
Lege med virtuell data
Sist oppdatert 22.01.2025