Regional utviklingsplan
05. Utvikle helsetenesta si rolle i totalberedskapen
Helseberedskapen er ein sentral del av samfunnet sin totalberedskap. Helseberedskapen er forvaltinga og helse- og omsorgstenesta sine førebuingar for å førebyggje og handtere helsemessige konsekvensar av hendingar som ulykker, kriser, katastrofar og krig.
Helse Vest skal utvikle nødvendig kapasitet, og samarbeide tett med andre relevante aktørar for å ivareta totalberedskapen.
Tiltak
-
Utvikle regionale delplanar for ulike beredskapssituasjonar
-
Utvikle samordna beredskapsplanar innan totalforsvarskonseptet
Effektmål
-
Betre totalberedskap
Indikatorar
-
Ferdigstilt planverk for definerte beredskapssituasjonar
-
Evaluering frå øvingar
Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.
Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar
Gjennom oppdragsdokumentet for 2023 er Helse Vest beden om å fortsetje arbeidet med å utvikle operative beredskapsplanar koordinert med Forsvaret i heile krisespekteret basert på erfaring og kunnskap frå piloten i Helse Nord RHF.
Lenke til oppdragsdokumentet for 2023
Lenke til Totalberedskapskommisjonen
Lenke til Forsvarskommisjonen sin rapport
Involverte aktørar
-
Dei lokale helseføretaka
-
Helse Vest IKT
-
Dei regionale helseføretaka
-
Forsvaret
-
Helsedirektoratet
-
Statsforvaltaren
Tiltakseigar
Thomas Iversen
Beredskapsleder