Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

PASIENTER, BRUKARAR OG PÅRØRENDE

Hovudmål 1: Trygge og nære helsetenester, med aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling

Målet handlar om at pasientane skal vere trygge på at dei får hjelp når dei treng det. Vi skal lytte til pasientane, informere dei og byggje opp om at dei kan ta eigne val og medverke i behandlinga. I den forbindelse er òg dei pårørande ein viktig ressurs.

Et glass vann og en penn
Nye og digitale tenester skal bidra til at pasientane opplever tryggleik og meistring. Samtidig skal dei få behandling av høg kvalitet, utan uønskt variasjon (variasjon vi ikkje kan forklare ut frå ulikskap i helsetilstand eller pasientpreferansar). Behandlinga skal vere heilskapleg, sjølv når fleire einingar og aktørar er involverte behandlingsforløpet. 

Dagens situasjon og utfordringar

Informasjon frå pasienterfaringsundersøkingane fortel at pasientar og brukarar i helseføretaka i Helse Vest generelt er godt nøgde, og meiner at det har vore forbetringar over tid. 

Dei melder likevel tilbake om fleire utfordringar:

  • Utfordringar knytte til utskriving frå sjukehuset, samhandling og ventetider.
  • Pasientforløp som er delte opp og varierer etter institusjon, behandlar og pasient. 
  • Ei organisering som er retta inn mot den enkelte sjukdommen, sjølv om mange av pasientane har eit samansett sjukdomsbilete. 
 

Vi veit òg at introduksjonen av nye digitale tenester blir oppfatta som utfordrande for mange, særleg eldre. For at vi skal kunne hente ut gevinstane slike tenester kan gi, må vi sørgje for at pasientane er i stand til og trygge på å bruke dei. Det gjeld òg dei pårørande, som vi kan involvere enda betre enn i dag.  

 

Innsatsområder

Strategisk mål

Tenestene skal vere likeverdige og halde høg kvalitet, utan uønskt variasjon. Møtet mellom medarbeidarane og pasientane skal gi meirverdi, og ingen skal døy eller bli skadde som følgje av unngåelege feil og manglar. 

Bakgrunn og utfordring

Arbeidet med kvalitet handlar ikkje berre om å forbetre den faglege kvaliteten i behandlinga. Det handlar òg om pasienten si oppleving av kvalitet. Pasientane skal vere trygge på at dei får ei god behandling, utan uønskt variasjon, uavhengig av behandlingsstad. 

Dersom vi ikkje kan forklare variasjon med ulikskap i helsetilstand eller pasientpreferansar, blir det gjerne kalla uønskt variasjon. Kunnskap om variasjon i kapasitetsutnyttinga skal brukast aktivt som grunnlag for å gi meir likeverdig tilgang til helsetenester. Men temaet er breiare enn dette, og er mellom anna knytt til førebygging, HMS, arbeidsmiljø og trivsel. 

Utviklingsretning

Pasienttryggleik skal vere ein integrert del av systemet og kulturen i Helse Vest og skal kjenneteikne alle arbeidsprosessar og møte med pasientane. Forbetringar skal skje kontinuerleg, og unngåelege skadar skal ikkje skje. Eit trygt arbeidsmiljø og gode rammer for utvikling er òg sentralt for å skape tillit til tenestene og verksemda. 

Pasientane sitt møte med helsetenestene skal gi ein opplevd verdi i form av betre funksjon, høgare livskvalitet, større grad av eigenmeistring eller mental og fysisk lindring. Vi må òg kunne fange helsedata gjennom pasientforløpa, og bruke desse til målingar, kvalitetsforbetring og kommunikasjon med pasientane. 

Spesialisthelsetenesta skal drive med sjukdomsførebyggjande arbeid for å skape ytterlegare verdi for pasientane og samfunnet. Ein del av dette handlar om smittvern og å redusere utviklinga av antibiotikaresistens. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med fastlegane, kommunane og fylkeskommunane. Tankesettet rundt vår felles helseteneste skal vere styrande for organiseringa og plasseringa av oppgåver, og for samarbeidet mellom aktørane i helsetenestene.

Strategisk mål

Pasientane skal vere aktive deltakarar i behandlinga, og ha moglegheit til å dra nytte av eigne ressursar og kunnskap om si eiga helse. 

 

Bakgrunn og utfordring

Dei medisinske moglegheitene vil auke i tida som kjem, og føre til høgare forventingar om behandling. På same tid vil det bli fleire eldre pasientar, og mange vil trenge meir hjelp. Veksten i helseføretaka sin økonomi vil likevel vere lågare enn tidlegare, noko som vil gi klare avgrensingar for kva slags tenester vi kan tilby. Det vil føre til strammare prioriteringar, men òg høgare krav til pasientane og pårørande sin medverknad og eigeninnsats. Samtidig veit vi at mange pasientar har ressursar og kunnskap om si eiga helse som ikkje blir nytta godt nok i dag. Eigeninnsats kan gi både meistringsopplevingar og verdi, men det krev opplæring og mobilisering av pasientane, og tilrettelegging og bruk av nye digitale verktøy.

Lenke til Helse Vest - opplæring

Utviklingsretning

Med mobilisering meiner vi at pasientane skal bidra og medverke aktivt, og samtidig få god behandling utan uønskt variasjon – uavhengig av kor mange diagnosar dei har, kompleksiteten i behandlinga og korleis tenestene er organiserte. 

God kommunikasjon er ein føresetnad for å mobilisere pasientane og for at dei skal medverke i eiga behandling. Helsepersonell skal ha kunnskap om, og vere bevisste på, korleis kommunikasjon kan nyttast til å betre innbyggjarane og pasientane si helse, og opplevingane dei har i møte med helsetenestene. 

Kommunikasjon og mobilisering handlar òg om å gjere informasjon tilgjengeleg. Vi skal yte tenester der pasientane er, blant anna med hjelp av digitale verktøy som legg til rette for dialog og utveksling av informasjon mellom pasientane og sjukehusa. Vi må samtidig sørgje for at pasientar og pårørande får opplæring og kunnskap om dei digitale verktøya og si eiga helse og behandling, i tett samarbeid med helsetenestene i kommunane. Det vil bidra til at pasientane medverkar i behandlingsforløpet som likeverdig part, og får betre resultat av behandlinga.

Arbeidet som skjer gjennom pasient- og brukarforeiningane og frivillig innsats kan bety mykje for pasientane si evne til å mobilisere og medverke. Dei representerer ein stor ressurs som vi må leggje til rette for å nytte enda betre.

 

Strategisk mål

Pasientar med fleire samtidige sjukdommar skal få eit heilskapleg og tverrfagleg tenestetilbod, og eit samanhengande behandlingsforløp som er organisert med utgangspunkt i den enkelte pasienten sitt behov.

Bakgrunn og utfordring

Den delen av befolkninga som vil auke mest fram mot 2035, er i dag dei største brukarane av helsetenester. Rundt 66 prosent av ressursane til somatiske spesialisthelsetenester går til 10 prosent av pasientane. Ein stor del av desse har fleire sjukdommar. I dag er organiseringa i for stor grad retta inn mot den enkelte sjukdommen, ikkje mot totalsituasjonen til pasienten. 

Ein del av pasientane med fleire sjukdommar melder tilbake om at samarbeidet mellom sjukehusa, fastlegane og kommunane ikkje er godt nok. Kommunikasjonen og informasjonsflyten er for dårleg. Det kan vere vanskeleg å få rett tilvising, vurdering og behandling, og oppfølginga etter behandling på sjukehusa varierer i kvalitet og omfang. 

Utviklingsretning

Skal vi kunne gi eit godt behandlingstilbod til pasientar med fleire sjukdommar, må vi organisere tenestene med utgangspunkt i pasienten. Det inneber høg grad av fleksibilitet og helsepersonell som har medisinskfagleg breidde og heilskapleg tilnærming til pasientane. Også bygg og annan infrastruktur må leggje til rette for samarbeid. Psykisk helsevern, somatisk behandling og rusbehandling skal integrerast tett med kvarandre. 

Pasientar med fleire sjukdommar skal bli møtte av tverrprofesjonelle team som tilpassar tilbodet. Fagpersonane skal ha fokus på kjerneoppgåvene sine, men skal samarbeide tett med andre, spesielt i diagnostiske, avklarande og planleggjande fasar. Koordinatorar skal sikre smidig kommunikasjon og oppfølging undervegs i heile behandlingsforløpet. Finansieringsløysingane må òg byggje opp om tverrfaglege og heilskaplege forløp. 

Sjølv om fastlegane har ansvaret for den samla oppfølginga av pasientar med fleire sjukdommar, må primær- og spesialisthelsetenesta leggje felles planar for langsiktig behandling og førebygging for den enkelte pasienten. Ulike tenestenivå skal ha ei samordna utvikling av IKT-løysingar og teknologi for å vareta pasientane uavhengig av kvar dei oppheld seg. Dette inkluderer legemiddelhandtering. 

 

Strategisk mål

Gi den enkelte moglegheit til å meistre kvardagen, ta vare på seg sjølv og leve eit mest mogeleg sjølvstendig liv.

Bakgrunn og utfordring

I 2021 peikte Riksrevisjonen på at det var lange ventetider innanfor psykiske helsetenester i Noreg, og at bemanninga ikkje alltid er god nok. Samtidig opplever helseføretaka at det er utfordrande å behalde og rekruttere tilstrekkeleg fagleg kapasitet. På toppen av dette har covid-19-pandemien auka behovet for tenester, særleg for barn og unge.

Lenke til Riksrevisjonen sin rapport om psykiske helsetenester

Psykiske lidingar oppstår som eit resultat av samspel mellom biologiske faktorar og miljøfaktorar som oppveksttilhøve, tidlige erfaringar i livet og noverande belastningar. Lidingane kjem ofte i ung alder. Dei kan svekke evna til meistring av eige liv, til deltaking og moglegheit til utvikling av eigne evner og ressursar. Lidingar som angst og depressive tilstandar førekjem relativt hyppig, mens ulike psykoselidingar er sjeldnare. Lidingane kan vere milde og forbigåande, men òg alvorlege og langvarige med auka risiko for somatisk sjukdom og høg dødelegheit. Årsakane til ulike lidingar og samanhengen mellom livserfaring og biologi/sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar er ikkje tilstrekkeleg kjent.

Utviklingsretning

  • Tenestene må ha god tilgjenge med tidleg avklaring og tidleg hjelp

  • Tenestene må understøtte og legge til rette for medverknad, val og frivilligheit

  • Tenestene må vere integrerte – samordna internt i spesialisthelsetenesta og med viktige andre tenester – slik at pasientane opplever gode pasientforløp

  • Nye måtar og nye arenaer for å møte pasientane på må vidareutviklast 

Dette må understøttast med god kunnskap, gode mål for kvalitet og arbeid for systematisk forbetring. Kunnskapsutvikling, tydeleg leiarskap og forbetrings- og endringsevne er sentralt. Systematisk tilbakemelding frå pasientane vil vere eit viktig grunnlag for forbetringsarbeidet. 

Digitale hjelpemiddel vil i aukande grad bli nytta. Vi skal utvikle innsikt i og kompetanse innanfor digitale helsetenester. Digitale helsetenester skal bli tilpassa behovet og kompetansen hos pasientane, slik at pasientane opplever god kvalitet og god nytte av tenestene.

 

Strategisk mål

Tenestene skal vere tilpassa pasientane sine behov, og gi pasientane mest mogleg nytte, verdi og livskvalitet. Pasientforløpa skal vere gode og samanhengande, med tenester nærmast mogleg pasienten. 

 

Bakgrunn og utfordring

Mange pasientforløp er i dag delte opp og varierer mellom institusjonane og behandlarane. Organiseringa er òg i for stor grad retta inn mot den enkelte sjukdommen, sjølv om mange av pasientane har eit samansett sjukdomsbilete. Det kan redusere nytten og gjere behandlingsforløpet unødig komplekst for pasienten. Utfordringa speglar seg att i tilbakemeldingane frå pasientane. Dei ber om meir heilskapleg behandling. 

Kombinasjonen av breiddekompetanse og spisskompetanse er ein føresetnad for heilskapleg behandling, men framleis er mykje av verksemda organisert i fagspesifikke strukturar. Det er derfor nødvendig å fremje nye strukturar som organiserer verksemda etter pasientforløp – gjerne i nært samarbeid med primærhelsetenesta.

 

Utviklingsretning

Brukarmedverknad er viktig for den einskilde pasienten men òg for utviklinga av tenestene. Tilbakemeldingar frå pasientane og aktiv bruk av brukarutvala er sentralt for korleis vi skal utvikle oss og tilpasse tenestene til pasientane. 

Ny teknologi gjer det mogleg å yte stadig fleire spesialisthelsetenester utanfor sjukehusa og i heimane til folk. Pasientar kan dessutan unngå unødig reising og venting, og få betre tenester og opplevingar, ved å bli behandla i eigen heim. Helse Vest har god erfaring med å tilby tenester på denne måten, men potensialet er likevel langt større enn dagens bruk tilseier. Dette potensialet skal vi utnytte betre. Kompetansen og tenestene må i større grad vere tilgjengelege nærmare pasienten, og vi må samarbeide betre digitalt mellom sjukehusa og med primærhelsetenesta. 

Standardiseringa av pasientforløp skal ikkje redusere nødvendig fleksibilitet og tilpassing for den enkelte pasienten eller bruk av klinisk skjønn. Pasienten skal kunne delta i valet av behandling, og få støtte til å meistre eige liv og sjukdom. 

 

Helse Vest si nettside om behandling

Dei fire strategiske hovudmål i utviklingsplanen

    Sist oppdatert 26.03.2024