Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Regional fagplan

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Regional plan for TSB er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med deltakarar frå alle helseføretaka i Helse Vest RHF, Regionalt Brukarutval, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KorFor) og det regionale helseføretaket.

Regional plan TSB har og vore tema i møte med konserntillitsvalde. Kommunar og private leverandørar av TSB har vært inviterte til å komme med skriftlege innspel til planen. 

Helsedirektoratet har gitt ut fleire nasjonale rettleiarar som greier ut fagleg praksis på fagområdet tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), samt pakkeforløp som strukturerer forløpet for pasientar i diagnostikk og behandling. I tillegg finst fleire sentrale strategidokument, både nasjonale og regionale, som gir retning for organisering av tenesta. Eksempel er Nasjonal helse- og sjukehusplan og strategien til Helse Vest, Helse 2035. Dei årlege oppdragsdokumenta konkretiserer strategiar og mål.  

I arbeidet med regional plan for TSB har Helse Vest RHF valt ut innsatsområde som skal få særleg merksemd i åra framover. 

Digitale helsetenester innan rusbehandling inkluderer både utvikling av behandlingsretta tenester (til dømes eBehandling), registreringsverktøy der pasienten må bidra i registreringa (til dømes feed-backverktøy og kvalitetsregister) og utviklinga av praktiske verktøy for samhandling (til dømes videokonferanse).

Pasienten sitt funksjonsnivå skal bli vurdert opp mot utbytte av digitale helsetenester, dette gjeld både om pasienten vil ha nytte av digital behandlingstjeneste, om pasienten kan ta ansvar for sjølvrapportering eller registrering, og om pasienten har tilgang til teknisk utstyr som gjer det mogeleg med digitale helsetenester. Det bør også leggast vekt på kva pasienten ønsker.

Konkrete mål

  • Digitale hjelpemiddel vil i aukande grad bli nytta innan TSB som i resten av helsetenestene. TSB einingane skal sikre at ein utvikler innsikt i og kompetanse innan digitale helsetenester. Digitale helsetenester skal bli tilpassa behov og kompetanse hos pasientane, slik at pasientane opplever god kvalitet og god nytte av tenestene.

  • Tilsette skal oppleve redusert krav til manuell rapportering ved oppbygging av automatiske rapportar som vil bli lagt i styringsportalen, og ved å innføre ny teknologi der dette kan erstatte rapporterings- og registreringsbyrde

Tiltak for å nå mål

  • Helse Vest RHF må gjennom målretta bruk av ressursar (og gjennom Helse Vest IKT) sikre at maskinvare og programvare er tilgjengeleg for tilsette i føretaka, slik at det er mogeleg å auke bruken av digitale helsetenester.

  • Helse Vest RHF må sikre at også Helse Vest IKT samarbeider med pasientorganisasjonar og kommunar for å bidra til at pasientane kan nytte eige eller kommunale digitale verktøy for å kunne samarbeide digitalt med spesialisthelsetenesta.

  • Tilsette skal få utvida opplæring i bruk av digitale verktøy for å auke bruken av digitale helsetenester (der opplæringa også vil være digitalt basert).

  • Innføre eMeistring for rusmiddelavhengige i alle helseføretak 

  • Vidareutvikle og innføre eventuelle andre digitale/interaktive behandlingsprogram

  • Helse Vest RHF vil jobbe for at KvaRUS blir lagt inn i CheckWare

Indikatorar på måloppnåing

Indikatorar på måloppnåing

  • Aktivitetar og ressursbruk til digitale helsetenester i Helse Vest IKT

  • Aktivitetsregistrering av alle former for digitale helsetenester

  • Implementert eMeistring for rusmiddelavhengige

  • Implementert eventuelle andre digitale/ interaktive behandlingsprogram

  • KvaRus er tilgjengeleg i CheckWare

Pasientar med alvorleg psykisk liding og rusliding (ROP) er særleg utfordrande for tenesteytarar. Bruk av rusmidler gjer det krevjande å få til stabile tilhøve i eigen bustad i kommunen, bruk av rusmidler gjer det krevjande å behandle psykisk sjukdom, og psykososiale problemer er medvirkande til bruken av rusmidler.

Kommunar og spesialisthelsetenesta skal ha tenester som dekkjer behandlingsbehova til personar med ROP liding. Både når pasienten bor heime eller når han/hun er innlagt i institusjon eller innsatt i fengsel. Den nasjonale ROP rettleiaren er tydeleg på ansvarområde, behov for kompetanse og type behandling. Likevel er dette ei pasientgruppe kor det er jamleg diskusjoner mellom nivå og fagfolk og ulike einingar.

Les meir om grunnlaget for ACT/FACT* -team i Helse Vest i det vedlagde dokumentet. Nedanfor finn du lenker til nasjonale kompetansetenester og retningslinjer.

*)ACT= Assertive Community Treatment, FACT= Flexible Assertive Community Treatment

Konkrete mål

  • Eit løft for denne pasientgruppa krever større intensitet og kvalitet i planlegginga av pasientforløpa, med meir forpliktande samarbeidsstrukturar mellom involverte tenesteytarar.

  • Tilbodet om behandling for ROP pasientar skal vere innretta slik at ein strukturert og planmessig tek hand om alle sider ved pasienten sine utfordringar. Det skal finne stad både gjennom parallelle tiltak og tiltak som kjem i planlagt rekkefølge.

  • ROP pasientar skal i den grad det er mogeleg få oppfølging på heimstaden, gjerne i eigen bustad eller i nærleiken av eigen bustad. Det kan skje både som polikliniske tilbod, eller gjennom ambulante tilbod som ACT / FACT

  • ROP pasientar skal få tilbod om døgnbehandling i spesialiserte einingar der det er særleg kompetanse innan både psykisk helse og skadeleg bruk av rusmiddel, når det er indikasjon for døgnbehandling.

Tiltak for å nå mål

  • Etablere ein samhandlingsarena for tenesteytarar frå kommunen, psykisk helsevern og TSB som del av utviklinga av helsefellesskap

  • Sikre utarbeiding og oppfølging av kriseplan i samarbeidet mellom tenesteytarar og pasient / pårørande

  • Alle føretak skal ha tilstrekkeleg med FACT team

Indikatorar på måloppnåing

  • Etablert arena for samhandling, helsefellesskap, mellom kommune, TSB og PHV

  • Tal pasientar med kriseplan

  • Tal føretak med FACT team

 

Innsatsområde

    Sist oppdatert 30.09.2024