Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Område 4: Informasjonsflyt, pasientforløp og prioritering

Ein kan sjå på tilstrøyminga av tilvisingar til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB )som eit kontinuerleg uttrykk for trongen for slike helsetenester i befolkninga. Eit samla oversyn over dette føreset at alle tilvisingar går gjennom ein kanal. Blant anna anbefalte eit nasjonalt utgreiingsoppdrag om TSB å gjere ein markant reduksjon i talet på einingar som vurderer tilvisingar.

dital verden i helse. Abstrakt bilde

Kvaliteten av kvar einskild tilvising er grunnlaget for å vurdere om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp. Over tid har gjennomsnittleg kvalitet på tilvisingane blitt betra, men det er rom for forbetring. Basert på informasjonen i tilvisingane blir det vurdert rett til helsehjelp og indikert prioritet gjennom tidsfrist for når helsehjelp skal starte. Dette arbeidet vil bli lagt til helseføretaka i tråd med føringane i det nasjonale utgreiingsarbeidet om TSB.

Når pasienten har fått rett til nødvendig helsehjelp, er det naudsynt å vurdere kva som vil være rett behandlingstilbod og vurdere kva som er tilgjengeleg innan tidsfrist. Her må også pasienten sine ønske komme klart fram. For å vurdere riktig behandlingstilbod skal helseføretaket samarbeide med alle tenesteytarar i sitt område.

Før, under og etter eit behandlingsforløp i spesialisthelsetenesta skal tenesteytarane i kommunen og spesialisthelsetenesta ha dialog. To konkrete døme på slik dialog er tilvising og epikrise.

Konkrete mål

 
  • Arbeidet med å forbetre kvaliteten på tilvisingar skal bli prioritert, gjennom eit samarbeid med fastlegar og andre som tilviser pasientar.
  • Tilvisingar til TSB skal i kvart føretaksområde bli sendt til ei eller få vurderingseiningar som er organisert i helseføretaket.
  • Pasientar som får rett til nødvendig helsehjelp skal få tildelt konkret behandlingsplass på ein måte som er samordna mellom aktuelle tenesteytarar i området.
  • I løpet av 2021 skal einingar organisere planlagd utskriving på ein slik måte at epikrise for døgnopphold er sendt elektronisk til tilvisar og eventuelt til andre i kommunen som skal ha ansvar for pasienten, som hovudregel før pasienten fysisk har forlate eininga, og seinast innan 1 dag etter utskriving.

Tiltak for å nå mål

  • Utarbeide mal for elektronisk tilvising i samarbeid med tilvisar

  • Vurdering av rett til nødvendig helsehjelp innan TSB skal skje i helseføretaka og ikkje hos private leverandørar av TSB

  • Helseføretaka skal sikre at dei har eit strukturert samarbeid med private avtaleleverandørar innan TSB for pasientlogistikk.

  • Organisere arbeidsprosessar slik at epikrise for planlagt utskriving frå døgneining er klar som hovudregel før pasienten fysisk har forlate eininga, og seinast innan 1 dag etter utskriving.

Indikatorar på måloppnåing

  • Mal for elektronisk tilvising er på plass

  • Tal tilvisingar som gir tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere rett til helsehjelp

  • Del tilvisingar som blir handsama gjennom føretaksstrukturen

  • Del epikriser frå døgnopphald som er sendt med registrert epikrisetid = 0

 
Sist oppdatert 02.05.2024