WHO held fram at pasienttryggleik er alle sitt ansvar, og krev aktiv deltaking frå pasientar og deira familiar (WHO, 2021).
Det går føre seg mykje godt arbeid på tvers av heile verksemda som bidreg til at pasientbehandlinga blir tryggare for kvar einaste dag. Pasienttryggleik har vore ein integrert del av vår kultur og arbeidspraksis i mange år, og gjennom dette har vi sett store endringar og betringar i tenestene våre. Kontinuerleg innsats frå medarbeidarane, både i form av daglege rutinar og nye initiativ, spelar ei avgjerande rolle for å fremje tryggleiken til pasientane. Kvart bidrag, stort eller lite, legg grunnlaget for eit meir robust og resilient helsevesen som alltid er i .
Pasienttryggleik angår alle som jobbar i helsetenesta, same kvar vi har vårt daglege virke. Det er viktig at vi kvar dag er medvitne på korleis vi, gjennom oppgåvene, handlingane og haldningane våre, kan bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane. Når kvar enkelt av oss tar dette ansvaret, styrker vi i fellesskap grunnlaget for trygg behandling, og skaper ein kultur for god pasienttryggleik.
Dette rammeverket bygger på tidlegare arbeid som har vore gjennomført innan pasienttryggleik, både nasjonalt, regionalt og lokalt. I tillegg til desse initiativa, kjem andre bidrag som til dømes arbeidet med Topp 5 risiko og oppfølginga av ForBetringsundersøkinga. Desse vil halde fram i same periode som rammeverk for pasienttryggleik og styrkar dermed innsatsen. Det er viktig å merke seg at rammeverket er meint å styrke pågåande arbeid, der det er mogleg og formålstenleg.
I Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 — Den felles helsetenesta vår har kapittel 6 gitt oss rammene for innsatsane i Helse Vest. Dei nasjonale innsatsområda vil falle naturleg inn i den regionale innsatsen som blir lagd til grunn i regionalt rammeverk.
Rammeverket avløysar den tidlegare Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024. Førre plan hadde eit stort omfang, og peikte på ei rekke tiltak som er følgt opp, og som føretaksgruppa framleis må følgje opp. Frå førre plan vil følgande område ha særskild merksemd også i åra som ligg føre, i tillegg til dei områda som nytt rammeverk peikar på:
- betre pasienttryggleiken på legemiddelområdet
- infeksjonsførebyggjande tiltak
- halde fram prioritert innsats på regional forbetrings- og veilederutdanning
- halde fram arbeidet med å sikre finansiering og infrastruktur for klinikknær helsetenesteforsking og pasienttryggleiksforsking
Vi har enno ein veg å gå for å optimalisere bruken av teknologi i sjukehusa, men ved å bruke teknologi på ein god måte, kan vi redusere arbeidsbelastninga for helsepersonell og gjere arbeidskvardagen enklare. Teknologi kan gjere kommunikasjonen og samarbeidet mellom avdelingar og fagområde betre, og digitale plattformer gjer det mogleg for helsepersonell å få rask tilgang til nødvendig informasjon, same kvar dei er.