Strategi for digitale helsetenester
E: Pasientopplæring
Denne hovudgruppa av digitale helsetenester inneber at pasientar kan få tilgang til digitale opplæringsprogram for meistring av eigen sjukdom. Dette kan vera både rettleidd og ikkje-rettleidd opplæring, og det kan vera både individuell og gruppebasert opplæring.
Tiltak ved oppstart handlingsplan:
- Utvikle fleire digitale pasientopplæringsprogram for prioriterte pasientgrupper, og integrera desse i løysingar for digitale helsetenester
Desse tilboda er meir fleksible enn vanleg «klasseromsundervisning» og kan tilbydast pasientar når behovet oppstår, og tillèt også at pasientane kan gjennomføra opplæringa i eige tempo.
- Førebuing til pustestyrt strålebehandling innan kreft er et nytt opplæringsprogram som skal førebu pasient til strålebehandling
- eHjerteRehab er eit nytt digitalt rehabiliteringsprogram for pasientar som har gått gjennomutblokking av kransårane til hjartet
Det er eit potensiale å ta i bruk langt fleire digitale pasientopplæringsprogram som allereie er utvikla, både i og utanfor Helse vest. Der me allereie har tradisjonelle pasientopplæringsprogram kan desse også blir vidareutvikla til digitale program der pasient ikkje møter rettleiar fysisk. Det er spesielt interessant å vurdera dette for pasientgrupper der me gjennomfører andre tiltak innan digitale helsetenester, men også for tilstandar der det er ønskjeleg å kunna tilby pasientopplæring svært hyppig gjennom året, til dømes etter at det er sett enkelte diagnosar eller planlagt/utført enkelte behandlingar.
Opplæring i bruk av dei digitale helsetenestene er også viktig. Det må givast god rettleiing og det må utviklast opplæringsprogram til pasientar og pårørande.