Klage og erstatning

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, eller at du ikkje har mottatt dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

​Dersom du skal klage, må du sende skriftleg klage til den du klager på, det vil seie den eininga i helse- eller omsorgstenesta som har ansvaret for avgjersla du klagar på.

Eininga du klagar på skal vurdere klagen og få mogelegheit til å gjere om på avgjersla. Dersom dei framleis er ueininge med deg, sender dei klagen vidare til fylkesmannen.

Meir om retten til å klage (helsenorge.no)