Reservasjon i pasientjournal

Alle sjukehus og institusjonar i Helse Vest bruker det same journalsystemet for pasientar som blir behandla hos oss. Det er viktig at sjukehusa har tilgang til pasientjournalen din når du er i behandling, på tvers av avdelingar og sjukehus. Men det er også viktig for deg å vite at du kan reservere deg mot at tilsette kan bruke journalen.

Dei sju private, ideelle institusjonane som Helse Vest har avtale med, bruker det same journalsystemet som sjukehusa elles. Tilgang til ei samanhengande vising av journalen din er viktig for å sikre deg heilskapleg og god hjelp på tvers av verksemder og avdelingar.

Særleg viktige opplysningar blir òg registrert i nasjonal kjernejournal. Denne kan vere tilgjengeleg for å hjelpe deg med akutte helsebehov også utanfor Helse Vest.

I utgangspunktet er journalen din alltid stengt​​​

Opplysningane om deg blir først tilgjengeleg for tilsette når du kjem til oss for å få helsehjelp. Tilgangskontrollen i journalsystemet skal sørgje for at opplysningane dine er tilgjengelege for personell som har behov for dei i samarbeidet om å hjelpe deg. Ingen andre har lov til å lese i journalen din.

Du har rett på å vite​​

Tilgangskontrollen er standardisert ved at leiinga i sjukehusa er blitt samde om kva for grupper av tilsette som vil ha behov for tilgang. Alle helseinstitusjonar pliktar å loggføre kven som har lese i journalen din, og til å gi deg kopi av innsynslogg om du ber om det. Ei oppsummering av gitt helsehjelp blir sendt fastlegen din og eventuelt di kommunale helseteneste.

Slik kan du reservere deg​

  • Ta kontakt med behandlaren din for å diskutere fordelar og ulemper ved sperring - eller
  • Send skriftleg krav om sperring til helseinstitusjonen som har journalført dei aktuelle opplysningane

Skjema: Krav om sperring av pasientjournal​​

Dette kan du reservere deg mot​

Du kan reservere deg mot sjukehuset sin "standardiserte tilgangskontroll" med krav om individuell sperring i eigen journal.

Du kan sperre heile eller delar av journalen for ein tilsett hos oss, eller for heile grupper av tilsette. Desse tilsette vil då ikkje få tilgang, sjølv om dei blir involverte i samarbeid om helsehjelpa di.

Konsekvensar ved sperring​​​

Det er viktig å merke seg at sperring av journal kan få konsekvensar for deg. Døme på konsekvensar kan vere:

  • Helsepersonell får ikkje tilgang til nødvendige helseopplysningar, noko som særleg i ein akuttsituasjon kan medføre fare for liv og helse.
  • Mottak av elektronisk tilvising vil ikkje vere synleg når heile journalen er sperra.
  • Pasienten må sjølv gjere fastlegen/andre som skal tilvise, merksame på dette.
  • Sperring av journal medfører at epikrisar ikkje kan sendast utan at det blir bedt spesielt om det.
  • Journalføring etter kontakt med helsetenesta blir vanskeleg, noko som gjer kontinuitet ved oppfølging vanskelegare​​.