Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Tilvising rehabilitering

Vi har følgjande rutinar for tilvising til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar i og utanfor regionen:

Tilvising frå fastlegar, privatpraktiserande avtalespesialistar og andre behandlarar utanfor sjukehus:​​

Tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar i og utanfor regionen skal sendast:

Den regionale vurderingseininga for rehabilitering​

Adresse:​

Regional vurderingseining for rehabilitering
Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
Østre Nesttunvei 2​
5221 Nesttun

Tilvisingar frå sjukehus skal sendast direkte til den ​aktuelle institusjonen:

Oversikt over institusjonane​

Meir om rettar og annan informasjon

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Regional​ koordinerande eining (RKE)​

Meir informasjon om tilvising rehabilitering​

​Ei hugseliste finn du på ​nettstaden til Den regionale vurderingseininga​​ 

Det er viktig at informasjonen som blir etterspurt går fram av tilvisinga. Informasjonen er nødvendig for at vurderingseininga skal kunne foreta ei korrekt vurdering og for å finne det rehabiliteringstilbodet som er best eigna for pasienten. Beskriving av funksjonsnivå og mål for opphaldet er viktig i denne samanhengen.

Tilvisingane til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar blir vurderte og prioriterte i tråd med prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiarane. Det blir vurdert om pasientane har behov for rehabilitering i spesialisthelsetenesta eller ikkje.

Dei som blir vurderte til ikkje å ha behov for rehabilitering i spesialisthelsetenesta, kan likevel trenge oppfølging i kommunen.

Tilbodet er ikkje retta mot personar som hovudsakleg treng pleie, omsorg, kvile eller avlasting. Ved inntak blir det lagt vekt på at pasienten kan nyttiggjere seg tilbodet, og at institusjonen har eit tilbod som kan gi pasienten ønskeleg helsemessig betring.

Vurderingseininga vil ut frå beskrivinga av behova til pasienten i tilvisinga, finne eit rehabiliteringstilbod som er best eigna. Pasienten vil likevel ha rett til å bruke "Velg behandlingssted".

Tilbodet gjeld både døgn- og dagopphald.

​Alle pasientar får ei individuell vurdering og tilpassa rehabilitering ut frå individuelle mål. Tilbodet kan bli gitt både individuelt og i grupper. Opphaldstida vil vere tilpassa den individuelle vurderinga av behovet til pasienten og rehabiliteringsprogramma ved institusjonen.

Rehabiliteringstilbodet er tverrfagleg og inneber mellom anna funksjonsvurdering, funksjonstrening og andre rehabiliteringstiltak, undervisning, læring og meistring.

Alle pasientar får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg har dei fleste institusjonane tilbod til pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid.

Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar. Institusjonane har også ein avgrensa kapasitet til å ta imot nokre pasientar med eit særleg stort bistandsbehov innanfor nokre diagnosegrupper (meir informasjon under kvar institusjon).

"Helse og arbeid" er ei vidareføring av arbeidsretta behandlingstilbod etter at ordninga "Raskere tilbake" ble lagt om frå 2018. Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.

Helse og arbeid

Pasientar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). Uavhengig av om dei ønskjer individuell plan, skal pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester få tilbod om koordinator i kommunen og/eller i spesialisthelsetenesta (i dei private rehabiliteringsinstitusjonane).

Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient, samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med ein eventuell IP. (Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator).

Pasienten må betale ein eigendel for opphald i institusjon. Eigendelen gjeld også for dagopphald. Eigendelen inngår i ordninga med eigendelstak 2.

Nødvendige reiseutgifter til institusjonar som Helse Vest RHF har avtale med, blir dekte (trekt frå eigendelen ved reise). Du finn meir informasjon om pasientreiser på http://www.pasientreiser.no/. Her finn du også informasjon om kva reglar som gjeld ved reise til institusjonar utanfor regionen som andre regionale helseføretak har avtale med.

Meir informasjon om tilbodet finn du på nettstaden til Den regionale vurderingseininga.

Spørsmål kan rettast til grønt nummer ReHabilitering 800 30 061 eller til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, tlf. 55 91 85 40.​

 

Maŋemus ođastuvvon 2023-04-14