Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Beredskap

Denne beredskapssida blir oppdatert med informasjon om eventuelle kriser eller auka beredskap.

Kvinneleg helsepersonell med smittevernutstyr. Foto.

​​​​Me​diekontakt

Kommunikasjonsavdelinga

Nettside for koronaberedskap, arkiv per 5. april 2020

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi øver kontinuerleg på.

Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering.

Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.

Regional helseberedskapsplan for Helse Vest 2019 – ​2021 (PDF)


Grøn bereds​kap​

Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap

Ei uønskt​ hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap

Ei alvorleg uønskt h​ending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.

Maŋemus ođastuvvon 2023-04-25