Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Utlysning av midlar til innovasjon

Helse Vest RHF lyser ut inntil 16 millionar kroner til innovasjonsprosjekt. Fristen for å søke om innovasjonsmidlar er 29. januar kl. 13:00.

Frist for leiarforankring er 5. februar kl. 13:00. 

Helse2035, Helse Vest sin strategi, og Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027 - Vår felles helsetjeneste ligg til grunn for dei prioriterte satsingsområda for utlysinga i 2025.

Helse Vest RHF vil prioritere prosjekt som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av ei meir optimal organisering, ressursbruk og/eller reduserer behovet for vekst i helsepersonell, og gjerne med potensial for regional skalering.  

Det vil i nokon grad bli lagd vekt på ei spreiing av innovasjonsprosjekt i ulike delar av regionen og innan dei ulike satsingsområda.   

Prioriterte satsingsområde 

Helse Vest RHF vil prioritere søknader som omhandlar eit eller fleire av desse satsingsområda:   

  • Pasientar og pårørande si helsekompetanse og medverknad 
    Løysingar som involverer pasient og pårørande som aktive deltakarar i utforminga av eigen helsehjelp, aukar helsekompetansen og deira føresetnadar for eigen meistring, gjerne på tvers av nivåa i helsetenesta.  
  • Berekraftig utvikling 
    Løysingar som utviklar eller nyttar:  
    • nye arbeidsformer og betre oppgåvedeling både i spesialisthelsetenesta, og på tvers av nivåa i helsetenesta, gjerne i samarbeid med primærhelsetenesta.  
    • ny og betre bruk av teknologi som bidreg til personellsparande løysingar.  
  • Redusere overdiagnostisering og overbehandling (uønska variasjon) 
    Innovative løysingar og tenesteinnovasjon som bidreg til å redusere overdiagnostisering og overbehandling, gjerne på tvers av nivåa i helsetenesta. 

Prosjekta/tiltaka kan vere nye eller allereie i gang.  

Prioriterte pasientgrupper

Helse Vest er særleg opptatt av søknadar som omhandlar dei fire prioriterte pasientgruppene i Nasjonal helse og samhandlingsplan; 

  • personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem 
  • barn og unge 
  • personar med fleire kroniske sjukdommar, multisjuke  
  • skrøpelege eldre 

Samarbeid med Kreftforeningen – øyremerka midlar til innovative løysingar innan kreft 

I samarbeid med Kreftforeningen er det er sett av øyremerka midlar (inntil 4 – 5 millionar kroner) til nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar innan kreft.  

Kreft er ei av dei 5 målretta samfunnsoppdraga (Missions) som EU har identifisert som særleg viktige samfunnsutfordringar i perioden 2021 – 2027.  

Kreftpasientar er ei stor og aukande pasientgruppe og stadig fleire lever lengre med kreft. Difor er dette eit område der det er ønskeleg å stimulere til innovasjon og tenesteinnovasjon. Kreftforeningen si pasientundersøking syner mellom anna at det er særleg i overgangane mellom tenestene at det er behov for betre løysingar og meir tenesteinnovasjon.  

Alle dei prioriterte satsingsområda er aktuelle for søknadar til dei øyremerka midlane. 

I tillegg vil Helse Vest leggje vekt på prosjekt: 

  • som har samarbeid med fleire helseføretak i regionen, der dette er relevant 
  • som har planar om å søke finansiering frå andre finansieringskjelder.  

Innovasjonar med eit kommersielt potensial 

For  innovasjonar med eit kommersielt potensial er det ingen tematiske føringar eller prioriterte pasientgrupper.  

Det lysast ut midlar i to søknadskategoriar.  

1. Nye innovasjonsprosjekt

Prosjekt som gjennomførast ved eige helseføretak (prosjekteigar). Det kan søkast om midlar til nye idéar, eller prosjekt som allereie har starta opp. Same innovasjonsprosjekt kan få stønad frå innovasjonsutlysinga til Helse Vest RHF to gonger.

Maks stønad frå Helse Vest RHF er 1,2 millionar kroner i denne kategorien. Dersom prosjektet er i ei tidleg fase kan det vere tenleg å søke om eit mindre stønadsbeløp (gjeld også for produktinnovasjon).

For å kvalifisere til maks stønad i denne kategorien må det vere samarbeid mellom minst to helseføretak i Helse Vest (gjeld ikkje for kommersielle innovasjonar).  

2. Idéoverføring

Det kan søkast om midlar til å adoptere/teste gode innovasjonsløysingar som har vist seg å vere vellykka i andre sjukehus/helseføretak, anten i Helse Vest regionen eller nasjonalt/internasjonalt. Dette er eit verkemiddel for å spreie gode innovasjonar/løysingar som allereie er teke i bruk i helsetenesta. 

I søknaden skal de gjere greie for kvifor de vil adoptere/teste akkurat denne løysinga, kva for gevinstar de forventar, og korleis de vil samarbeide med organisasjonen de skal adoptere løysinga i frå. Maks stønad frå Helse Vest RHF er 400 000 kroner i denne kategorien.

 
​​Prosjektkategoriar    
​Type stønad ​Nye innovasjonsprosjekt ​Idéoverføring
​Maks stønad frå
Helse Vest
​Inntil 1,2 millionar kroner ​Inntil 400 000 kroner
​Prosjektperiode ​Inntil 24 månader ​Inntil 18 månader

Det er viktig at prosjekta har god strategisk forankring i sjukehuset/føretaket for å auke  sannsynet for at løysinga blir teke i bruk om innovasjonsprosjektet er vellykka. Det er obligatorisk med minimum 20 prosent eigenandel av prosjektet sine totale kostnader frå prosjekteigar/partnarar. Dersom de søker Helse Vest om 1,2 millionar kr, vil minimum eigenandel (gjerne som eigeninnsats i form av frikjøp av personalressursar) frå prosjektgruppa vere 300 000 kr. For idéoverføring er tilsvarande beløp minimum 100 000 kr om de søker Helse Vest om 400 000 kr i stønad. 

Midlar skal nyttast innanfor ei prosjektramme på to år i kategorien nye prosjekt og innanfor 18 månader i kategorien idéoverføring. Prosjekta må starte opp i løpet av dei første fire månadane etter tildeling. 

Samandraget i prosjektsøknadar som får stønad vil publiserast på internett.   

Søknadane vil bli vurderte ut frå følgjande kriterium (sjå prosjektmalar for ei nærmare skildring av vurderingskriteria​ – les desse nøye før de planlegg prosjektsøknaden):

Nye prosjekt ved eige helseføretak

  1. Relevans for satsingsområda (10 prosent)
  2. Kvalitet (innovasjonshøgde, innovasjonsmetodikk og kunnskapsbehov (30 prosent)
  3. Gevinstar for pasientane, tenesta, samfunnet og plan for å realisere gevinstane (30 prosent)
  4. Gjennomføring av prosjektet (30 prosent)

Idéoverføring – vurderingskriterium

  1. Relevans for satsingsområda (10 prosent)
  2. Innovasjonshøgde og kunnskapsbehov (30 prosent)
  3. Gjennomføring av prosjektet (30 prosent)
  4. Gevinstar og nytte for pasientane og helsetenesta (30 prosent)

Det vil bli nytta ein ska​la frå 1 – 6 for dei fire kriteria. Det blir sett ein samla karakter for søknaden.

Søknadane blir behandla av ein regional komité der rundt halvparten av medlemmane er eksterne evaluatorar og rundt halvparten frå Helse Vest RHF. Representantar frå Regionalt brukarutval og konserntillitsvalde vert invitert til å delta i komitéen.  
 
Leiarmøtet i Helse Vest RHF vil avgjere den endelege fordelinga på bakgrunn av komitéen sitt arbeid. Ved tildeling vil det bli lagd vekt på å oppnå ei spreiing av prosjekt i ulike delar av regionen og innan dei ulike satsingsområda.  

Etter vedtak om tildeling av midlar får alle søkarar ei kortfatta tilbakemelding basert på vurderinga frå komiteen. Tilbakemeldinga er av overordna karakter.  

Prosjektleiar må ha si hovudstilling i eit helseføretak i Helse Vest eller ved ein privat ideell institusjon/sjukehus som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Søknaden må fremmast gjennom institusjonen som har høve til å søke.

Prosjekt som allereie har motteke stønad frå Helse Vest si innovasjonsutlysing, kan søke om midlar dersom dette inneber ei vesentleg vidareutvikling av prosjektet. Om de tidlegare har motteke midlar til same prosjekt, skal dette gjerast greie for i søknaden.​

Det er viktig at prosjektet har god strategisk forankring i sjukehuset/føretaket for å auke  sannsynet for at løysinga blir teke i bruk, om innovasjonsprosjektet er vellykka. Difor er det obligatorisk med ein eigenandel på minimum 20 prosent frå prosjekteigar/deltakarane av prosjektet sitt totale budsjett. Søknad og det totale prosjektbudsjettet skal godkjennast av leiar/klinikkdirektør i søknadsportalen eSøknad.  

Det blir automatisk sendt ein generert e-post til forankringsansvarleg i føretaket, som skal godkjenne søknad og budsjett. Merk at søknaden ikkje blir rekna som fullført før det føreligg ei stadfesting på at forankring er motteke av Helse Vest RHF.  

Frist for institusjonell leiarforankring er 4.februar 2025 kl. 13:00.

Kva kan støttast?  

Personalrelaterte kostnader, kjøp av tenester, og utgifter til utstyr/driftskostnader kan støttast. Utgifter til utstyr kan berre utgjere 30 prosent av kostnadene. Søknadsbeløpet skal spesifiserast i budsjettmodulen i eSøknad. Budsjettet skal samsvare med definerte milepålar, aktivitetar og innhald.  

Finansieringsplanen skal opplyse om direkte kostnadar knytt til aktivitetane som ein søker støtte til, eigeninnsats (timetal x timesats), anna finansiering og søkt beløp frå Helse Vest RHF. Totalsummen for kostnadane skal være lik totalsummen i finansieringsplanen. 

Stønad til eksterne samarbeidspartnarar 

Dersom ein samarbeider med kommunar, næringsliv, akademia eller forskingsinstitutt er det ein føresetnad at desse partane også bidreg med eigne ressursar i prosjektet, i tillegg til at inntil 20 prosent av stønaden frå Helse Vest kan nyttast til dei eksterne aktørane. Samarbeidet skal skildrast i søknaden. Me anbefaler at de lagar ein samarbeidskontrakt som gjer greie for dei ulike aktørane si rolle, oppgåver, kompetanse og rettar i prosjektet. 

Helse Vest forventar at de kontaktar Sykehusinnkjøp HF Vest med tanke råd og rettleiing om eventuell marknads- og leverandørkontakt før de søkar midlar frå Helse Vest. Sykehusinnkjøp vil kunne rettleie korleis ein skal gå fram for å finne relevante samarbeidspartnar frå næringslivet, også med tanke på ei eventuell anskaffing i etterkant av eit samarbeid.  
 
Dersom løysinga har eit kommersielt potensial bør de opplyse om samarbeid med den TTO-en (Technology Transfer Office) som helseføretaket har avtale med.  

Det skal gjerast greie for i kva grad brukarar (pasientar, pårørande, helsepersonell) er involvert i planlegging​​, gjennomføring, formidling og/eller evaluering av prosjektet.

Veileder for brukermedvirkning i helseforskning i spesialisthelsetjenesten (mai 2018) kan og nyttast i utvikling og gjennomføring av innovasjonsprosjekt.

Dersom det skal innførast eller utviklast nye IKT-ysningar i eit prosjekt, bør søkarar innhente vurderingar om korleis løysningane skal kunne virke i samanheng med eksisterande infrastruktur og systemlandskap i Helse Vest. Ta kontakt med Terje Bremnes.

Helse Vest IKT kan vere ein av samarbeidspartnarane i prosjektet. Dette må avklarast med Helse Vest IKT i forkant av søknaden.  

Styringsstruktur for digitalisering i Helse Vest 
For å unngå at du som søkar startar innovasjonsløp/prosjekt som dupliserer pågåande aktivitet i regional styringsstruktur, kan det vere lurt å sjekke prosjekt-databasen i den nye Styringsstrukturen for digitalisering i Helse Vest. Til dette kan du nytte verktøyet Prosjektrapport i Power BI.

Søker har sjølv ansvar for at innsendt søknad er fullstendig og i tråd med søknadskriteria, og at søknadsskjema i eSøknad er korrekt fylt ut og at obligatoriske vedlegg er lasta opp. Følgande obligatoriske dokument skal sendast inn:  

Det er berre desse do​kumenta som skal lastast opp. Ytterlegare vedlegg blir ikkje vurderte.

Søknadar som ikkje oppfyller krava i utlysinga vil bli avviste. Prosjektleiar (søkar) må sikre at søknaden er komplett.  

Søknadar med følgande manglar vert avvist utan ytterlegare grunngjevnad: 

  • Søknadsfrist: Søknaden er forsøkt levert inn etter søknadsfristen. Databasen blir stengd automatisk. Søknaden kan ikkje ettersendast på e-post.
  • Formatkrav og sidetal: Prosjektleiar må sikre at det obligatoriske vedlegg er i tråd med formatkrava (sidetal med meir). 
  • Søknadsbeløp: Det er søkt om høgare beløp enn det som er tillat i søknadskategorien. 
  • Eigenandel manglar: Søknaden manglar eigenandel i budsjettet. 
  • Brukarmedverknad: Prosjektframstillinga manglar informasjon om brukarmedverknad i prosjektet.  
  • Manglande leiarforankring: Søknader utan leiarforankring

Spørsmål?​​​​​​​​

Ta kontakt med følgjande kontaktpersonar:

Relaterte saker

    Maŋemus ođastuvvon 2024-11-22