Målgruppe
Målgruppa er alle medarbeidarar som ønskjer å gjennomføre forbetringsarbeid i eiga eining. Vi oppfordrar også dei som ikkje er klinisk personell, til å søkje.
Krav til søkjaren og leiaren
Den som vil søkje, må søkje i eige søknadsskjema om å få plass i utdanninga. Forbetringsarbeidet må vere avklart med og godkjent av leiaren til søkaren.
Det er også ein føresetnad at den kunnskapen og dei erfaringane deltakaren får i løpet av utdanninga, i ettertid kan brukast til å arbeide med andre forbetringsprosjekt og til å lære opp andre i organisasjonen til å kunne arbeide effektivt med forbetringar.
Søkjaren må avklare med sin leiar at det blir lagt til rette for deltaking på alle samlingane. Deltakaren må også sørgje for at det blir sett av tid til å arbeide med forbetringsarbeidet før og mellom samlingane.
Etter å ha gjennomført utdanninga skal deltakaren kunne setje i verk, gjennomføre og leie forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene.
Leiaren må etterspørje resultat og bidra til at det blir etablert eit forbetringsteam som skal delta i arbeidet med forbetringane.
Søknad
Søknadane skal prioriterast i føretaka før innsending til Helse Vest RHF, og
helseføretaka skal sende søknadane inn samla til Helse Vest RHF.
For forbetringsutdanninga som strekkjer seg over 10 månadar, dekkjer Helse Vest overnatting, opphald og kost. Føretaket ditt må dekkje reise til og frå samlingane.
Ta kontakt med din lokale pasienttryggleikskoordinator for meir informasjon.