Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar

Regionalt kompetansemiljø for metodevurderingar er ein ressurs for metodestøtte og støtte til praktisk gjennomføring av mini-metodevurderingar i helseføretaka i Helse Vest.

Sy​stem for innføring av nye metodar

System for nye metodar skal bidra til at pasientar så raskt som moleg får tilgang til nye, verknadsfulle metodar og at be​​handlingsmetodar som er ineffektive eller skadelege for pasienten ikkje blir brukte.

Systemet inneber at spesialisthelsetenesta skal ta i bruk internasjonalt anerkjente system for metodevurdering for å sikre at avgjerder er baserte på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag.Metodevurderinga skal gjennomførast før det blir teke ei avgjerd om å innføre nye metodar.

Mini-metodevu​​rdering

Mini-metodevurdering er et støtteverktøy for avgjersle som nyttast i helseforetakene når det vurderes å innføre nye metoder. Med metode meinest her utstyr og prosedyrerelatert diagnostikk og behandling, som:

  • medisinsk utstyr
  • diagnostiske tester og prosedyrer
  • kirurgiske prosedyrer
  • medisinske prosedyrer

Mini-metodevurdering skal ikkje nyttast til vurdering av legemidlar eller metoder der legemidler inngår som ein vesentlig komponent.

Sjølve vurderinga består av eit skjema med spørsmål som belyser effekt, sikkerheit, kostnader, etikk og organisatoriske aspekter ved metoden.

Regionalt kompeta​​nsemiljø for metodevurderingar tilbyr:

  • Rådgiving ved gjennomføring av mini-metodevurdering
  • Opplæring og informasjon
  • Formidling av kontakt med støttefunksjonar (litteratursøk, økonomisk vurdering)
  • Rekruttering av fagfelle
  • Rådgjevning ved søknad om nasjonal metodevurdering

Vi anbefaler alle som skal gjennomføre ein mini-metodevurdering for fyrste gong om å ta kontakt med komptansemiljøet

For å synleggjere pågåande arbeid og unngå at fleire startar på same vurdering samtidig, er det viktig at alle som startar ein mini-metodevurdering først registr​erer han i Den nasjonale databasen for mini-metodevurderinger. ​På Helsebi​blioteket kan du finne meir informasjon om mini-metodevurderingar, i tillegg til skjemaet for mini-metodevurdering.​

Sjå også nettsida til nyemetoder.no for meir informasjon om dette.​

Ko​ntakt:

Dersom du har spørsmål om mini-metodevurdering kan du sende ein e-post til metodevurdering@helse-vest.no

Maŋemus ođastuvvon 2023-04-28