Glade forskingsprisvinnarar
– Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet, og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar til, i aller høgste grad, sa Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest, på årets forskingskonferanse. Tre prisar blei delte ut på tre ulike område, til vinnarane frå Helse Bergen og Helse Stavanger.
Innovasjonsprisen i år gjekk til Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".
Dei har, som dei første i verda, starta opp med systematisk oppfølging av førstehjelparar i etterkant av ei alvorleg hending. Oppfølginga er blant anna tilbod om ei gjennomgang av hendinga i samtale med helsepersonell som er erfarne med å snakke om vonde opplevingar.
– Dei som har teke eit samfunnsansvar ved å hjelpe andre, dei hjelper vi no, sa Thomas Lindner blant anna då dei mottok prisen.
Førstehjelparen får fortelle om si oppleving, stille spørsmål og få hjelp til å bearbeide vonde kjensler slik at dei skal slippe å kjenne på skuld. Førebelse studiar viser ein signifikant reduksjon av traumeopplevingar seks månadar etter denne oppfølginga.
Pris til ung forskar blei introdusert som ein ny, fast pris på konferansen førre året, og er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.
Olga Therese Ousdal fekk prisen for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri. Forskinga har gitt resultat i ny kunnskap og ei betra forståing av endringar i hjernen ved enkelte psykiske lidingar som depresjon og angst og behandlinga mot dette (elektrosjokk og psykoterapi).
Denne kunnskapen vil ha stor betyding for å kunne utvikle persontilpassa og effektiv behandling hos yngre og eldre pasientar i framtida, ifølge juryen.
– Dette er ein stor inspirasjon for meg og ei stor ære. Det at eg har fått tillit til å kunne arbeide med dette, har gjort meg til ein betre forskar, seier Ousdal.
Forskingsprisen 2022 blei tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen.
Kjell-Morten Myhr får prisen for si framragande og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.
– Eg er umåteleg glad for denne prisen og eg takkar pasientane som vi har følgt opp gjennom åra. Dette er ei stor anerkjenning for meg og for nevrologimiljøet i Noreg. Tidlegare opplevde vi at pasientar døydde etter 5-10 år. No klarer vi ofte å stille diagnose tidleg og starte behandling så tidleg at vi kan stanse sjukdommen eller bremse han kraftig, seier Myhr.
I grunngivinga til komiteen kan vi mellom anna lese at Myhr har vore ein pioner i MS-forskinga, og at forskinga hans har resultert i ein forskjell for livslengde og livskvalitet for MS-pasientane.