Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Gjeve prisar til kreft- og stamcelleforsking

Forskar og overlege Lars Andreas Akslen får i år Helse Vest sin forskarpris for arbeidet han gjer innan kreftforsking. Prisen for årets unge forskar går til Siddharth Vivek Shanbhag, for forsking på gjenoppbygging av bein i munnen.

Almmuhuvvon 2023-11-16
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Dei som delte ut og dei som vann forskingsprisane i Helse Vest 2023, frå venstre: Gottfried Greve (Universitetet i Bergen), Siddharth Vivek Shanbhag, Lars Akslen, Agnes Landstad (styreleiar i Helse Vest RHF). Foto: Silje Katrine Robinson

Det handlar om tumormarkørar i kreftforsking og regenerasjon av beindefektar for vinnarane av årets forskarprisar i Helse Vest.

Overlege Lars Akslen ved Patologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Bergen fekk hovudprisen.

Siddharth Vivek Shanbhag, postdoktor ved Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland Universitetssjukehus og forskar ved Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen fekk prisen for årets unge forskar. 

Begge prisane vart delte ut på Helse Vest sin forskingskonferanse 16. november.

– Det er sjølvsagt stort for meg å få denne prisen no. Det er ei anerkjenning av det eg, og vi, har jobba med, og det er veldig stas å bli sett pris på, seier Lars Andreas Akslen, som har forska på kreftsjukdom i heile karriera si.  

Biomarkør i kreftforsking

I 2013 starta han jobben med å bygge opp Centre for Cancer Biomarkers, eit senter som i dag husar kring 220 forskarar og støttespelarar. Det er her han har jobba mest med tumormarkørar. 

Detektiven som ville løyse kreftgåta

– Ein biomarkør viser karakteren og identiteten til ein kreftsvulst, det er som eit fingeravtrykk. Vi ser for eksempel etter innhald av bestemte protein i svulsten, og ut frå ulike variablar kan vi sjå om han er aggressiv eller roleg. Ved bruk av slike styringsmarkørar kan vi tilpassae behandlinga etter sjukdommen hos den enkelte pasienten, fortel han. 

Som lege har Akslen alltid jobba for pasientar. Framleis er han overlege på Haukeland sjukehus, der han har hatt ei bistilling i 35 år. Sidan 1988 har han jobba som overlege. 

– Eg diagnostiserer framleis pasientar. Det er heilt essensielt for forskinga mi å ha ein fot i begge leirar. Grensesnittet mellom basal forsking og pasientfokus har alltid vore viktig for meg, seier han. 

Ung Forskar-prisen

Prisen til ung forskar er ein pris i samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest. 38 år gamle Siddharth Vivek Shanbhag fekk prisen i år.

– Det er veldig stas å vinne pris. Det er min første pris frå Helse Vest, og det gir meg ein enorm motivasjon til å jobbe vidare. Eg kjenner at eg gjer eit relevant arbeid, og at eg er på riktig spor, seier Shanbhag. 

Den indiske forskaren er utdanna tannlege. Han fullførte sin odontologiske utdanning i India, tok vidareutdanninga i Storbritannia og Sverige, og kom til Noreg i 2016 som doktorgradskandidat ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen. Han har brukt fleire år på forskinga om gjenbygging av bein i munnen.

Stamceller frå munnhola

I si doktoravhandling forska Shanbhag på bruk av stamceller til beinregenerasjon. Regenerasjon av beindefektar er ei viktig behandling innan odontologi, ortopedi og traumatologi, der behandlingsalternativa i dag er lite effektive. Stamcelleterapi gir nye og lovande moglegheiter til pasientar med avansert tap av vev. Forskinga blei gjennomført ved bruk av diverse metodar og analyser i både in vitro-studiar og dyreforsøk. 

Pris til ung forskar: Kva gjer ein når bein i munnen forsvinn? 

– Når ei tann er skada og trekt ut, vil bein og vev under tanna etterkvart forsvinne. I dag blir dette erstatta med implantat, slik at den nye tanna har noko å stå på. Når det er mange tenner som manglar, har vi eit problem. Det ikkje nok bein i munnen til å feste implantata i. 

I dag blir nytt beinvev dyrka fram av stamceller frå beinmarg frå hoftebeinet. Gjennom forskinga si, har Shanbhag sett på moglegheita av å ta ut stamceller frå munnholene i staden. Samstundes har han forbetra måten cellene blir dyrka i laboratoriet ved bruk av eit nytt vekstfaktorsupplement – platelysat. På den måten kan cellene bli hausta på ein enklare måte og vekse i sitt naturlege miljø.

 

Fakta om forskingsprisane 2023

  • Helse Vest sin forskarpris går til Lars Andreas Akslen Overlege Lars Akslen, ved Patologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Institutt for Klinisk medisin, Universitetet i Bergen.
  • Akslen vinn pris for si banebrytande forsking på tumormarkørar i kreftforsking
  • Prisen for Ung Forskar går til Siddharth Vivek Shanbhag, postdoktor ved Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Haukeland Universitetssjukehus og forskar ved Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen.
  • Shanbhag vinn pris for studien han har gjort innan regenerasjon av beindefektar. 

 

Fakta om forskingsprisane i Helse Vest

  • Helse Vest delar kvart år ut pris til god forsking. Den årlege forskingsprisen består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.
  • Ung forskar-prisen fokuserer på talentfulle unge forskarar innan helsevitskapane i regionen. Ung forskar-prisen består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Beløpet skal nyttast til forsking eller andre tiltak for styrkje forskingsmiljøet til forskaren.