Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Kommunikasjon

Kommunikasjonsavdelinga har ansvaret for å leggje til rette og vere pådrivar for at Helse Vest RHF driv aktiv, klar og open kommunikasjon med medarbeidarar, brukarar, allmenta og media.

Medievakt kvardagar mellom klokka 08:00 og 16:00.

Vi ønskjer å yte så god service som råd til media. Ta kontakt med oss i kommunikasjonsavdelinga dersom du treng hjelp til noko. Vi vil hjelpe deg så langt vi kan, eller setje deg i kontakt med andre som kan.

Medievakt er er tilgjengeleg på kvardagar mellom klokka 08:00 og 16:00. For raskast mogleg hjelp​ er det derfor ein fordel at medieførespurnadane blir gjor​t i dette tidsrommet.

Logging av mediekontakt

Når vi blir kontakta av media, blir dette logga. Det gjer vi for å kunne følgje opp spørsmåla dine og for å ha oversikt.

I loggen skriv vi namnet ditt, kven som er oppdragsgivar, kontaktinformasjonen din og spørsmåla dine.

Informasjonen er berre tilgjengeleg for dei som jobbar med oppfølging av mediespørsmål og blir sletta etter eitt år.​

Er du journalist og ønskjer å få pressevarsler? Då kan du abonnere på nyheiter frå Helse Vest via NTB Kommunikasjon​. 

Du når oss på epost​ kommunikasjon@helse-vest.no og pressetelefon 903 60 460 (kvardagar 08:00 til 16:00).

​Bente Aae​​
kommunikasjonsdirektør (bilde​)
​tlf. 415 33 807

Mirjam Helene Pletanek Klingenberg​
senior kommunikasjonsrådgivar​

​​​Ingeborg Mong Andreassen
kommunikasjonsrådgivar
tlf. 981 04 879​

Jorunn Busk
kommunikasjonsrådgivar
tlf. 975 31 444​​​​​

Linn Herredsvela
senior kommunikasjonsrådgivar
tlf. 995 17 661

Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten (FNSP) er tenesta si plattform for nettsider og huser over 50 nettstadar knytte til sjukehusa i Noreg. FNSP skal bidra til å nå det nasjonale målet om mer heilskapleg og samordna digital kommunikasjon i helsetenestene, for medarbeidarar og brukarar.

Som del av FNSP er det eit nasjonalt team som på vegner av dei fire regionale helseføretaka, alle hels​eføretaka og sjukehusa, har ansvar for utviklinga av tenestene. Dette teamet har plass i Kommunikasjonsavdelinga i Helse Vest.

Felles nettløsning for spesialist​helsetjenesten​ (FNSP)

Helse Vest ​er lagt under lov om offentlegheit og praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Våre styremøte er opne for media. Styret har likevel anledning til å lukke møte under behandling av enkeltsaker, der teieplikt er påkravd.

Postjournalen vår blir jamleg oppdatert. Media har tilgang til å be om innsyn i alle dokument. Prinsippet om meiroffentlegheit vil bli vurdert i dei tilfelle der dokument er unnateke offentlegheit i ​samsvar med offentleglova.​

Les meir og finn offentleg postjournal ved Helse Vest RHF

LinkedIn

Flickr - ta kontakt med kommunikasjon@helse-vest.no om du vil bruke bileta her eller treng andre bilete frå oss.

Logo og profil i Helse Vest

Maŋemus ođastuvvon 2024-09-20