1. Språk og målform
Arbeidsspråket vårt er norsk, og vi skal følge offisiell norsk rettskriving i tekstane våre. I nokre tilfelle kan vi bruke engelsk, som til dømes i forskingstekstar og i tekstar retta mot pasientar og pårørande som ikkje kan norsk.
Bokmål eller nynorsk?
Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest RHF skal skrive nynorsk. Helse Stavanger har nøytralt tenestespråk og skal veksle mellom nynorsk og bokmål.
Hugs!
Når du skal svare på eit brev eller ein e-post, er hovudregelen at du svarer på same målform som innsendaren bruker (jamfør språklova).
Ver konsekvent
Norsk rettskriving tillèt ulike måtar å skrive på, men det er viktig å vere konsekvent i kvar enkelt tekst. Ver ekstra merksam på det når fleire samarbeider om teksten.
Bruk dei same bøyingsendingane og skrivemåtane for enkeltord:
Bokmål | Nynorsk |
frem/fram ei sol / en sol sein/sen |
å svelge / å svelgje å sitte / å sitta me/vi |
Andre språk
Alle har rett på informasjon om eiga helse, sjukdom og behandling på eit språk dei forstår. Viss det er nødvendig, skal vi omsette tekstane våre til andre språk enn norsk.
2. Stor og liten forbokstav
Er du i tvil, er ofte liten forbokstav det rette.
NB! Det skal vere stor forbokstav i starten av ei setning og på skilt.
Namn med fleire ledd
I namn med to eller fleire ledd skal det vere stor forbokstav berre i første ledd:
|
Unntaket er viss det andre leddet er eit eigennamn:
|
Utval og komitear
Utval og komitear blir skrivne med liten forbokstav:
|
Tenester og senter
Kompetansetenester og -senter blir skrivne med stor forbokstav i første ledd:
|
Einingar
Einingsnamn, som namn på avdelingar, klinikkar og seksjonar, skal vi som hovudregel skrive med liten forbokstav. Skriv heile namnet på avdelinga, og unngå forkortingar:
|
Unntaket er viss namnet, eller første ledd i namnet, er eit eigennamn:
|
Tips!
Er du i tvil om eit namn skal ha stor eller liten forbokstav, kan du ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga.
Stillingstitlar
Stillingstitlar skal vi skrive med liten forbokstav. Det gjeld også i signaturen i e-post og på visittkort:
|
Prosjekt, dokumenter, rapportar og artiklar
Desse skal vi skrive med stor forbokstav og i kursiv:
Det står i den regionale rapporten Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet. Programmet Heliks starta for ti år sidan. |
Kortforma av namnet skal ha liten forbokstav og skal ikkje vere i kursiv. Kortform er ikkje det same som forkorting, men ein kortare versjon av til dømes ein tittel på eit dokument.
Den fulle tittelen er eit eigennamn som vi skal skrive med stor forbokstav og kursiv:
Utviklingsplan for Helse Stavanger 2022–2035 |
Kortforma skal vi skrive med liten forbokstav utan kursiv:
utviklingsplanen |
Lover, avtalar og forskrifter
Grunnlova blir skriven med stor forbokstav. Andre lover, avtalar og forskrifter skal som regel ha liten forbokstav:
Det står i lov om pasient- og brukarrettar. Offentlege organ skal kommunisere på eit klart språk, ifølge språklova. |
3. Dato, klokkeslett og telefonnummer
Dato
Den offisielle norske skrivemåten for datoar har rekkefølga dag-månad-år.
I løpande tekst skal vi skrive dato med siffer og bokstavar:
1. januar 2024 |
I brev, saksdokument og liknande kan vi skrive dato med åtte siffer:
01.01.2024 |
Ordet «den» bruker vi når vi ikkje nemner månaden:
Lønn blir utbetalt den 20. kvar månad. |
Tips!
Rekkefølga år-månad-dag er internasjonal standard og kan brukast ved til dømes utveksling av data og i kronologiske lister.
Klokkeslett
Vi skriv klokkeslett med fire siffer og punktum mellom timar og minutt:
08.00 21.30 |
Telefonnummer
Vi skriv telefonnummer i grupper på to og to siffer. Det gjeld for både fasttelefon- og mobilnummer:
51 96 38 00 90 36 04 60 |
4. Tal og beløp
Tal til og med tolv skriv vi som regel med bokstavar:
Det var tre pasientar som venta. Elleve studentar møtte opp til forelesinga. |
Om talet er det viktigaste i setninga, kan du bruke siffer for å framheve talet:
Klagefristen er på 2 veker. |
Tips!
I tabellar og tekstar med mange tal bør du skrive alle tala med siffer.
Unngå å blande bokstavar og siffer i same setning. Vel éin av delane:
Unngå | Vurder heller |
Åtte av 13 pasientar møter til timen. |
Åtte av tretten pasientar møter til timen. 8 av 13 pasientar møter til timen. |
Firesifra tal skriv vi utan mellomrom:
Bedriftsidrettslaget har 3200 medlemmer. |
Store tal med fem siffer eller meir skriv vi med mellomrom mellom kvart tusen:
I 2022 blei det fødd 52 011 barn i Noreg. |
Tips!
Ikkje splitt store tal på fleire linjer. Bruk hardt mellomrom (Ctrl+Shift+mellomrom) for å halde talet samla.
5. Forkortingar
Unngå forkortingar i løpande tekst:
Unngå | Vurder heller |
o.l., mtp | og liknande, med tanke på |
Unntaka er viss du bruker forkortinga i staden for å gjenta lange namn, eller viss forkortinga er meir kjend for lesaren enn det fulle namnet eller uttrykket. I desse tilfella bør du skrive det fulle namnet i parentes første gong du nemner det:
HMS (helse, miljø og sikkerheit) |
Viss du må bruke forkortingar, skriv dei rett:
ca. | cirka |
dvs. | det vil seie |
et. | etasje |
ev. | eventuelt |
f.eks. | for eksempel |
ism. | i samband med |
jf. | jamfør |
m.a. | mellom anna |
md. | månad |
mill. | million |
mtp. | med tanke på |
mv. | med vidare |
nr. | nummer |
osv. | og så vidare |
pga. | på grunn av |
ph.d. | philosophiae doctor |
t.d. | til dømes |
tlf. | telefon |
Det skal ikkje vere punktum i forkortingar for mynteining (kr), mål (cm) og vekt (kg).
6. Orddeling og særskriving
Vi skriv samansette ord som eitt ord på norsk.
Orddeling er å dele opp eit ord med bindestrek og linjeskift. Pass på at du plasserer bindestreken rett:
- Du kan dele mellom ledda i ordet.
- Du kan dele før ein konsonant. Set ein konsonant ned på neste linje saman med resten av ordet.
Unngå | Vurder heller |
ordd-eling, sykepl-eier, kons-onant | ord-deling, sjuke-pleiar, konso-nant |
Særskriving er å dele opp samansette ord utan å sette bindestrek mellom. Det er feil på norsk.
Ver merksam på særskrivingsfeil som dette:
Unngå | Vurder heller |
pasient informasjon og nevro kirurg | pasientinformasjon og nevrokirurg |
Ofte kan du unngå særskrivingsfeil ved å snu om på formuleringa:
Unngå | Vurder heller |
gastro sjukepleiar | sjukepleiar på gastromedisinsk avdeling |
Hugs!
Skriv ordet som eitt ord dersom du uttaler det som eitt ord.
7. Og/å
Etter «å» skal det alltid følge eit verb i infinitiv. «Og» knyter saman ord eller ordgrupper av same type eller med same funksjon. «Og» kan også stå mellom to verb i infinitiv:
I avdelinga vår skal vi lære å samarbeide og utveksle erfaringar. Jenta vil lære å lese og skrive. |
Tips!
Set setninga om til engelsk. Der du ville brukt «to» på engelsk, bruker du «å», og der du ville brukt «and» på engelsk, bruker du «og».
8. Utheva tekst
Overskrifter
Overskrifter blir skrivne med stor forbokstav i første ord, og deretter små bokstavar. Det skal ikkje vere punktum etter ei overskrift.
Hugs!
Vi skal ikkje bruke store bokstavar, understreking, feit skrift eller kursiv for å markere overskrifter. Bruk overskriftverktøyet i skriveprogrammet til å formatere overskrifter. Då blir dei også formaterte i tråd med reglane for universell utforming av tekst.
Kursiv
I løpande tekst bruker vi kursiv når vi skriv namn på publikasjonar, planar og styringsdokument:
Regional utviklingsplan 2023–2035 |
Feit skrift
Vi kan bruke feit skrift til å skilje ut viktig informasjon i ein tekst:
Ved undersøking av mageregionen skal du ikkje ete mat eller drikke noko dei siste 4 timane før undersøkinga. |
Store bokstavar
Store bokstavar i løpande tekst kan bli oppfatta som aggressivt eller som roping:
Unngå |
VIKTIG: VI HAR LANGE VENTETIDER |
Bruk heller feit skrift eller overskrifter viss du ønsker å utheve informasjon.
Understreking
Understreking bruker vi for å markere lenker i ein tekst.
Punktlister
Punktlister med stikkord eller korte fraser skal ha liten forbokstav og ikkje ha punktum. Punktlister med fullstendige setningar skal ha stor forbokstav og punktum.
Bruk kolon dersom du også ville brukt kolon om oppramsinga var i ei vanleg setning. Her er døme på punktlister med og utan kolon:
Det viktigaste oppdraget til helseføretaka er
|
Yrkesgrupper:
|
Viktig å hugse på før operasjon:
|
Punktlister med nummer bruker vi berre dersom rekkefølga har noko å seie:
I denne teksten kan du lese om kva du skal gjennom
I denne teksten kan du lese om kva du skal gjennom
|
Hugs!
Punkta i ei punktliste skal ha same form. Bruk anten setningar eller stikkord, ikkje ei blanding.
9. Teikn
Komma
Er du usikker på kvar du skal sette komma, kan det vere lurt å lese setninga høgt.
Tips!
Bruk ofte komma før «og», og alltid før «men».
Ofte skal du bruke komma når
- det er naturleg med ein pause
- pausen kjem før eit verb i notid eller fortid
- setninga inneheld ord som «at», «viss», «når», «dersom», «som», «kva» og «korleis»
Når du er klar, kan portøren frakte deg til operasjonsstova. Dersom du skal gi blod, må du vere frisk. |
Kolon : og semikolon ;
Vi bruker kolon til å peike på det som kjem etter. Viss det som kjem etter kolon er ei setning eller eit eigennamn, skal det vere stor forbokstav etter kolon. Elles skal det vere liten forbokstav:
Desse skal vere med på møtet: avdelingssjukepleiaren, avdelingsoverlegen og LIS-legane. Det blir ikkje tydelegare: Sjukehusa må gjere det dei kan for å rekruttere nye medarbeidarar. |
Semikolon kan brukast for å knyte saman to heilsetningar som heng nært saman. Teiknet er ein mellomting mellom punktum og komma, og kan ikkje brukast på same måte som kolon. Semikolon er aldri obligatorisk, og det er ofte betre å bruke komma eller punktum.
Det skal vere liten forbokstav etter semikolon:
Eg fekk e-posten din; du får svar i løpet av veka. |
Bindestrek - og tankestrek –
Bindestrek og tankestrek er to ulike teikn som vi bruker på ulike måtar.
Hovudregelen er at vi skal skrive samansette ord som eitt ord. Av og til treng vi likevel bindestrek for å binde saman ord. Det gjeld når det samansette ordet inneheld forkortingar, eigennamn eller siffer:
Nye SUS-møtet HMS-ansvarleg |
Vi bruker også bindestreken der første eller siste ledd er felles for fleire ord:
sjukdomsforløp og -behandling helse- og sosialkontora sommar-, vår- og vintersesongen |
Vi bruker tankestrek når vi angir strekning, tidsrom, periode eller omfang:
09–15 måndag–fredag perioden 2020–2030 strekninga Haugesund–Førde |
I setningar kan du bruke tankestreken for å tilføye noko og lage ein kunstpause, eller når du vil legge til ekstra informasjon. Komma er førstevalet i desse tilfella, men vi kan bruke tankestreken til å framheve informasjonen ytterlegare. Då skal det vere mellomrom på begge sider av tankestreken:
Guten – som var tolv år – var innlagt på barneavdelinga. Smitten kan halde fram med å auke framover – blant både medarbeidarar og pasientar. |
Tips!
Når vi siterer frå skriftlege kjelder, bruker vi hermeteikn. Sitatstrek (tankestrek) blir brukt i sitat i intervju og skjønnlitterære tekstar.
Slik lagar du tankestrek/sitatstrek på tastaturet:
- PC: Alt + 0150 (på numerisk tastatur)
- Mac: Alt + bindestrek
Fleire tekstbehandlingsprogram gjer bindestrek automatisk om til tankestrek viss det er mellomrom før og etter. Du kan også lage din eigen hurtigtast i Office.
Hermeteikn « »
Vi bruker hermeteikn ved korte sitat. Sitat på over tre linjer markerer vi med innrykk og mindre skriftstorleik (utan hermeteikn).
Hermeteikn blir også brukt ved uttrykk som ikkje følger norma eller blir brukte på ein uvanleg måte. Utanlandske ord i norsk tekst blir markerte med kursiv, men hermeteikn blir òg brukt.
Apostrof ‘
Vi bruker apostrof berre når vi skal angi eigarskap etter ord som sluttar på «s», «x» eller «z».
Vurder i slike tilfelle om du kan skrive om setninga slik at du unngår apostrof:
Unngå | Vurder heller |
Sandnes’ innbyggarar | innbyggarane i Sandnes |
SAS' flyruter | flyrutene til SAS |
Prosentteikn %
I løpande tekst skriv vi «prosent» med bokstavar. I budsjettdokument og liknande kan vi bruke teiknet «%». Bruk mellomrom mellom sifferet og teiknet:
Slik skriv du med bokstavar:
I 2018 auka talet på tilvisingar til sjukehuset med 1,8 prosent. |
Slik skriv du med teikn:
I 2018 auka talet på tilvisingar til sjukehuset med 1,8 %. |
Skråstrek /
Skråstreken kan bety både «og» og «eller». I samanhengande tekst bør du unngå å bruke skråstrek, særleg viss det er uklart kva teiknet står for. Viss du må bruke skråstrek, til dømes for å spare plass, er det greitt å vite at skråstreken tradisjonelt betyr «eller».
Bruk mellomrom når det er fleire ord på éi eller begge sider av skråstreken.
Her betyr skråstreken «eller»:
lege/sjukepleiar, han/ho |
Her betyr skråstreken «og»:
vinteren 2023/2024 |
Her består det eine alternativet av fleire ord:
kjem / kjem ikkje |
10. Slik lagar vi namn på einingar
Namn på einingane i sjukehusa skal vere klare og forståelege for pasientar og pårørande:
- Vel norske namn så langt det lèt seg gjere.
- Ikkje bruk forkortingar. Skriv alle namn heilt ut («øre-nase-hals-avdelinga», ikkje «ØNH-avdelinga»).
- Der det er mogleg, skal vi unngå at namnet startar med «avdeling for» og «poliklinikk for». Då blir det enklare å liste opp avdelingane alfabetisk.
- Einingsnamnet kan ikkje alltid romme alt av behandling og fag. Legg vekt på hovudaktiviteten.
- Unngå bokstav- og talkodar («sengepost 2AB»).
- Hugs at det berre er namnet på føretaket som skal ha stor forbokstav. Alle einingar skal skrivast med liten forbokstav. Les meir under «Stor og liten forbokstav».
- Følg Språkrådets skriveråd.
Sjå retningslinja for einingsnamn i føretaket ditt for meir informasjon.