Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

eBehandling

eBehandling tilbyr effektiv behandling for sosial angst, depresjon og panikkliding. Behandlinga skjer på ei sikker online behandlingsplattform.

eBehandling tilbyr effektiv behandling for sosial angst, depresjon og panikkliding. Du kan jobbe med behandlinga når og kvar det passar for deg og ein behandlar følgjer deg opp gjennom heile behandlingsforløpet. 

Alle som får behandling i eBehandling får oppfølging av ein terapeut kvar veke. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet. 

Alle behandlingane våre er testa i vitskaplege studiar, og behandlingsmetoden er vurdert av Folkehelseinstituttet.

Som utgangspunkt kan alle over 18 år med panikkliding, sosial angst eller depresjon søke om behandling i eBehandling. Behandlinga føregår via internett, men ein treng ikkje høg teknisk kompetanse for å delta. Klarar ein å betale rekningar på nett, har ein tilstrekkeleg internettkunnskap for å starte opp behandlinga. Utover dette krevjer behandlinga at du deltek aktivt gjennom å gjere øvingar. Du held kontakten med behandlaren din gjennom å skrive meldingar inne i behandlingsprogrammet. 

eBehandling er ikkje eigna for deg som er i ein krisesituasjon eller har akutte behov, for eksempel dersom du er i sjølvmordsfare.

Ring legevakten på 116 117 for øyeblikkelig hjelp.

På noverande tidspunkt tilbyr vi ikkje behandling for andre angstlidingar enn sosial fobi og panikkliding. Det vil seie at vi ikkje tilbyr behandling for helseangst, generalisert angst, tvangsliding, OCD eller PTSD.

Du kan ikkje motta behandling i eBehandling dersom du allereie er i gong med ein anna form for psykologisk behandling i spesialisthelsetenesta. Dersom du ynskjer å forsøke eBehandling i staden for annan behandling anbefaler vi at du drøftar dette med behandlaren din. 

Før oppstart i behandlinga vert alle kalla inn til ein videosamtale hjå eBehandling, der vi saman vurderar om dette vil vere eit eigna behandlingsprogram for deg.

Normalt sett kan du forvente å bli innkalt til vurderingssamtale innan 3 veker. I nokre perioder kan det vere lengre ventetid. Det er ikkje ventetid på sjølve behandlinga. Dersom du etter vurderingssamtale får tilbod om behandling i eBehandling, kan du starte opp same dag.

eBehandling tilbyr behandling via internett og vi tilbyr ikkje ansikt til ansikt samtalar. 

Vi brukar å seie at dersom du klarar å betale rekningar på nett, har du tilstrekkelege datakunnskapar til å motta behandling i eBehandling. Dersom du opplev problem med det tekniske vil vi forsøke å hjelpe deg vidare så godt vi kan. 

eBehandling er ein del av spesialisthelsetenesta og tilbyr faste konsultasjonstider på kvardagar. Samtalane vert heldt i tidsrommet 9-15. Det betyr at du må være tilgjengeleg på eit tidspunkt innanfor denne tida, dersom du ynskjer å bli vurdert for eBehandling. Dersom du får tilbod om å starte i eBehandling, kan du jobbe med behandlinga når det passar for deg. ​

Kontakt oss ved ønske om nytt tidspunkt, så vil vi imøtekome dette.

Du betalar eigendel opp mot frikortgrensa for vurderingstimen i forkant av behandlinga, evalueringssamtale undervegs og for avslutningssamtalen når du er ferdig med behandlingsprogrammet. Det vil også vere eigendel på eventuelle andre samtalar eller telefonkontaktar du har med behandlaren din undervegs. Utover dette er behandlinga kostnadsfri.

Finn din behandlingsstad

For deg som tilvisar

eBehandling tilbyr veileda internettbehandling for voksne over 18 år med lett til moderat depresjon, panikkliding, sosial angst og ADHD. Vi tilbyr per i dag ikkje behandling for andre angstlidingar, slik som generalisert angst, helseangst, tvangsliding eller PTSD.

eBehandling eignar seg ikkje for pasientar med meir komplekse lidingar (sjå nærare skildring av eksklusjonskriterier nedanfor).

Pasientar kan tilvisast frå fastlege eller andre med henvisningsrett, eller sjølv ta direkte kontakt med eBehandling via helsenorge.no.  

  • Pasientdata
    Navn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eBehandling treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eBehandling skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi, lett til moderat depresjon og ADHD.
  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.

Sjekk spesielt ut om pasienten kan lese og forstå norsk. Eit tips er å be pasienten lese første kapittel i kvart av behandlingsprogramma. Desse ligg tilgjengeleg for alle under Behandlingsprogramma. 

  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med eBehandling.
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

Ring oss gjerne på telefon 56 34 32 50 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling.

  • ​Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
  • Psykoseproblematikk. Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov, kan ein motta behandling i eBehandling for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Nylig oppstarta eller endring av dose psykofarmakabehandling. Effekt av medikamentet bør først evaluerast.
  • Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  • Alvorleg depresjon, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg.
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.
Sist oppdatert 22.11.2024