I løpet av dei siste 20 åra har det skjedd ei rivande utvikling innanfor bildediagnostikk. Særskilt for bildemodalitetar som CT og MR har auken vore kraftig, og dei fleste fagområde innanfor helsetenesta drar nytte av utviklinga i form av meir presis diagnostikk.
Undersøkingane som blir gjorde, er ein viktig del av den medisinske vurderinga ved å stille en diagnose, følgje sjukdomsforløpet og vurdere behandlingseffektar.
Krav til reduksjon i ventetider generelt og til raskare kreftutgreiing spesielt, stiller skjerpa krav til korleis vi utnyttar den samla kapasiteten innanfor bildediagnostikk i regionen.
Bildediagnostiske undersøkingar blir utført på bestilling frå fastlege eller andre med tilvisingsrett. Pasienten betaler eigendel.
Tenester i sjukehusa, tenester hos private
- Laboratorietenester
Laboratorietenestene i sjukehusa våre er avgjerande for å kunne gi riktig behandling til ei lang rekkje pasientgrupper.
- Bildediagnostikk
Bildediagnostikk er eit samleomgrep for bruk av røntgen, CT, MR og PET-teknologi for å identifisere sjukdom og tilstandar.