Institutt for psykologisk rådgivningstjeneste, Bergen og Haugesund

I Bergen og i Haugesund har Institutt for psykologisk rådgivning (IPR) eit poliklinisk arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon.

Hovudinnhaldet i tilbodet

Ved arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon, blir pasientens arbeidssituasjon og jobbmeistring kartlagt. Ved sjukefråver, nedsett arbeidsevne og for personar utan arbeidsforhold blir det utarbeidd ein plan for gradvis tilbakeføring til jobb i samarbeid med fastlege og eventuelt andre aktørar i primærhelsetenesta, arbeidsgivar og NAV. Hensiktsmessig samarbeid med anna spesialisthelseteneste står sentralt i alle forløp. Behandlingstilbodet består av poliklinisk samtaleterapi med eit gjennomsnittlig behandlingsforløp på 10-15 konsultasjonar.

Behandlarane er psykologar og psykologspesialistar.

Kontaktinformasjon

Besøksadresse i Bergen:
Institutt for psykologisk rådgivning har tre ulike behandlingsstader i Bergen
Christian Michelsens gate 4, Bergen sentrum
Kokstadveien 9, Kokstad
Fossekleiva 41, Åsane

Besøksadresse i Haugesund:
Institutt for psykologisk rådgivning
Møllerveien 22
Haugesund

Telefon til IPR Haugesund og Bergen:
55 31 74 25

E-post til IPR Haugesund og Bergen:
bergen@ipr.no

Heimeside:
www.ipr.no

Tilvising

Alle tilvisingar til IPR i Haugesund og i Bergen skal sendast til:

Institutt for psykologisk rådgivning
Christian Michelsens gate 4
5012 Bergen

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.