Helse Vest har sidan 2007 hatt sin eigen pasienthjelpar. Pasienthjelparen på Vestlandet er no inkludert i den nasjonale tenesta Velg behandlingssted.
Velg behandlingssted
Pasienthjelparen på Vestlandet og andre pasientrådgivarar kan kontaktast på
51 58 05 00.
Du kan også sende ein direkte e-post til pasienthjelp@helse-vest.no.
Pasientrådgivarane er utdanna sjukepleiarar og har erfaring frå sjukehusa. Dei kan blant anna gi informasjon om ventetider, korleis du kan bytte sjukehus, pasientrettar, transport, fristar og fristbrot.
Kortare ventetid – betre service
Ved at pasientar får hjelp til å velje sjukehus/behandlingsstad, vil mange oppnå å få behandling raskare, det blir kortare ventetid ved sjukehusa totalt sett, og kapasiteten i regionen blir betre utnytta. Samtidig får pasientane betre service.
Velg behandlingssted (Helsenorge)