Strategiske satsingar
Strategisk satsing på KI som del av kreftbehandling
Prosjektet SCAN-ONC ved Haukeland universitetssjukehus (HUS) har fått 19,8 millionar frå Helse Vest. Torsdag 13. mars markerte starten på prosjektet som strategisk satsing.
– Med SCAN-ONC vil vi nytte kunstig intelligens til å betre behandlingsløpet for pasientar med uhelbredeleg lungekreft, frå diagnostisering, analyse av symptom,

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Prosjektleiarane, Margrethe Aase Schaufel og Charlotta Lindvall.
biverknader av behandlinga, og til den palliative fasen, seier Margrethe Aase Schaufel, prosjektleiar og overlege ved Lungeavdelinga, forskingsansvarleg ved Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) og leiar av Forskergruppe for palliasjon, K1/UiB.
Prosjektets fulle namn er Scalable Natural Language Processing for Tracking Clinical Data and Improving Healthcare in Oncology (SCAN-ONC).
Prosjektet vart vald ut av Helse Vest i fjor haust og har fått stønad for perioden 2025–2029.
– Stort samarbeidsprosjekt
– Dette prosjektet er forankra på Lungeavdelinga, men eg vil framheve at det er eit stort samarbeidsprosjekt innan eit teknologisk avansert område, sa Sverre Lehmann, avdelingsdirektør lungeavdelinga og leiar av styringsgruppa for KLB.
Forskingssjef ved Kirurgisk serviceklinikk (KSK), Torbjørn Nedrebø og avdelingssjef Smerte- og palliasjonsavdelinga og assisterande direktør KSK, Geir Andvik, overrekte sine gratulasjonar og ynskja prosjektet tillukka.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
– Meir enn eit ordinært forskingsprosjekt
– Vi ventar at dei strategiske satsingane skal vere meir enn eit ordinært forskingsprosjekt, sa fagleiar i Regionalt samarbeidsorgan i Helse Vest, Anne Marie Haga.
– Vi er avhengige av ny kunnskap og difor av forskinga som skjer ved alle sjukehusa i Noreg, seier forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grüner.
– Dei strategiske satsingane er eit verkemiddel for å støtte utvikling av kunnskap vi trur vil vere ekstra viktig i tida framover. SCAN-ONC er strategisk sterkt også ved at det har lukkast i å samle sentrale fagmiljø, både lokalt, regionalt og internasjonalt, avslutta Grüner.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Tildeling av strategiske midlar til åtte prosjekt
Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar for 2025-2029. To av prosjekta held til ved SUS og seks av prosjekta held til ved Haukeland universitetssjukehus. Prosjekta ved SUS hadde oppstartsarrangement i februar, dei resterande prosjekta kjem til å arrangere tilsvarande oppstartsarrangement.
Strategisk satsing på forsking
Helse Vest gir kvart fjerde år stønad til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne forskarar søke innan fire område:
- Nye behandlingsmetodar
- Bruk av kunstig intelligens og helsedata
- Betre digitale helsetenester
- Hjelp til barn og unge med langvarige helseplager
Det var 36 søknadar som vart vurderte i denne søknadsrunden. Ei ekspertgruppe har vurdert søknadane ut frå kvalitet og nytte. Dei åtte valde prosjekta skal også bidra til betre helsetenester, samarbeid mellom fagfolk og ny kunnskap.
Kva er strategiske satsingar?
- Strategiske satsingar skal være meir enn eit ordinært forskingsprosjekt. Satsingane skal auke kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og virke inn på eller bidra til å betre helsetenesta og/eller samfunn som heilskap (impact).
- Regionalt samarbeid. Satsingane skal dekke heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Dersom det ikkje er mogeleg, skal det grunngjevast i søknaden. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal gå fram av søknaden, og skal synleggjerast i budsjett og deltakarliste.
- Byggje kompetanse og nettverk. Dei strategiske satsingane skal la langsiktig mål om å byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet med overføringsverdi/læring òg for andre fagområde. Søknaden bør mellom anna beskrive korleis ein skal bygge kompetanse og nettverk i løpet av prosjektperioden, og skissere korleis ein skal fortsette å vere strategiske aktørar saman også utover prosjektperioden.