Strategiske satsingar

Helse Vest sine forskingsmidlar skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikre forsking og oppbygging av forskingskompetanse i føretaka, og auke produktiviteten, nytten og kvaliteten på forskinga.

Det regionale samarbeidsorganet har vedtatt at 75 % av Helse Vest sine forskingsmidlar skal gå til den opne, søkbare runda med årleg søknadsfrist 15. september. Forskingsmidlar som blir tildelt gjennom den ope utlyste prosessen skal få fram gode søknadar innan helseforsking, og vert ikkje tildelt ut frå særskilte tema eller fagområde.

I tillegg har Det regionale samarbeidsorganet vedtatt at inntil 25 % av forskingsmidlane skal øyremerkast strategiske satsingar. Dei strategiske forskingsmidlane skal gå til å heve forskingssvake område, ivareta politiske prioriteringar og støtte spesielt gode miljø som ein ønskjer skal heve seg ytterlegare.

​Dei strategiske midlane har ikkje faste årlege utlysingar, men blir lyst ut etter tilgjengelege midlar og behov. På denne sida vil du finne informasjon om pågåande strategiske satsingar i Helse Vest, inkludert informasjon om eventuelle opne utlysingar.

Det er no lyst ut midlar til etablering av nye strategiske satsingar for perioden 2015-2019.

Utlysingar