Strategiske satsinger
To forskingsprosjekt får mangeårig støtte fra Helse Vest
To forskningsprosjekt ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) har fått midlar frå Helse Vest og vart måndag 17. februar lansert som strategiske satsinger.
Prosjekta handlar om digital oppfølging av bruddpasientar, og ein ny digital plattform for demensforsking. Prosjekta vart valde ut av Helse Vest i fjor haust og har fått stønad for perioden 2025–2029. Målet er å bruke teknologi for å gi bedre helsetenester.
Forskingsdirektør Svein Skeie opna arrangementet. Prosjektleiarane Aksel Paulsen og Ingelin Testad presenterte prosjekta sine. Fagleiar Anne Marie Haga frå Helse Vest fortalte også om hvordan forskningen kan styrke helsetilbudet i regionen.

Tildeling av strategiske midlar til åtte prosjekt
Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar for 2025-2029. To av prosjekta held til ved SUS og seks av prosjekta held til ved Haukeland universitetssjukehus. Alle prosjekta kjem til å arrangere tilsvarande oppstartsarrangement.

Strategisk satsing på forsking
Helse Vest gir kvart fjerde år stønad til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne forskarar søke innan fire område:
-
Nye behandlingsmetodar
-
Bruk av kunstig intelligens og helsedata
-
Bedre digitale helsetenester
-
Hjelp til barn og unge med langvarige helseplager
Ei ekspertgruppe har vurdert søknadane ut frå kvalitet og nytte. Dei valde prosjekta skal også bidra til bedre helsetenester, samarbeid mellom fagfolk og ny kunnskap.
Kva må til for å vere strategiske satsingar?
- Strategiske satsingar skal være meir enn eit ordinært forskingsprosjekt. Satsingane skal auke kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og virke inn på eller bidra til å betre helsetenesta og/eller samfunn som heilskap (impact).
- Regionalt samarbeid. Satsingane skal dekke heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Dersom det ikkje er mogeleg, skal det grunngjevast i søknaden. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal gå fram av søknaden, og skal synleggjerast i budsjett og deltakarliste.
- Byggje kompetanse og nettverk. Dei strategiske satsingane skal la langsiktig mål om å byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet med overføringsverdi/læring òg for andre fagområde. Søknaden bør mellom anna beskrive korleis ein skal bygge kompetanse og nettverk i løpet av prosjektperioden, og skissere korleis ein skal fortsette å vere strategiske aktørar saman også utover prosjektperioden.